<!--e tittel -->

Ny prosjektleiar for Slipp oss til - Ungdom inn i landbruket

-

Torgeir Vestre er ny prsjektleiar i prosjektet "Slipp oss til - ungdom inn i landbruket". Han tar over for Gaute Eiterjord, som har hatt stillinga i snart tre år. -Eg gler meg, og er spent på å ta fatt i nye utfordringar!

 

Torgeir er 22 år og kjem frå Ålesund på Sunnmøre. Han er sjølv ikkje vakse opp på gard, men har alltid hatt eit brennane hjarte for norsk landbruk, samt natur og miljø. Dei siste åra har han arbeidd i sentralstyret til Natur og Ungdom. 

 

 - Å halde norsk landbruk i live er utruleg viktig for både norsk samfunn og miljø. For å holde landbruket i livet også for framtida, er me nødd å få fleire unge inn i næringa. Eg er utruleg motivert for å sette i gang arbeidet! seier Torgeir

 

Torgeir er motivert for å sette i gang arbeidet med Slipp oss til.

 

Prosjektet Slipp oss til - ungdom inn i landbruket er eit samarbeid mellom Norsk Bonde- og Småbrukarlag, Norsk Bygdeungdomslag og Natur og Ungdom. Prosjektet har som mål å auke rekrutteringa til landbruket, og auke busettinga i norske bygder med utgangspunkt i ledige gardsbruk og småbruk.

 

Som prosjektleiar kommer Torgeir mellom anna til å drifte nettsida Gardsbruk.no, ei nettside der ein kan finne eller legge ut gardsbruk for salg. I tillegg vil han følgje opp fylkeslag som arbeider med prosjektet.

 

Har du spørsmål om prosjektet?
Ring Torgeir på 417 58 650


Publisert 12.01.2018