Bruk for deg - Vegar inn i landbruket

-

SOMMARJOBB PÅ GARD 

 
Mange bønder treng ekstra arbeidskraft på garden om sommaren. Ved å kontakte gardbrukarar ein kjenner, eller ved å setje inn annonse eller sjå etter lysingar i aviser og blad, kan ein søkje om sommarjobb på gard. Gjennom ein slik jobb kan ein få kjennskap til bondeyrket og kva arbeid det fører med seg. 
 
GRØNT SPA’TAK 
 
Grønt spa’tak tilbyr ungdom arbeidsveker på seter, gard eller på beitetilsyn. Gjennom praktisk handling får ungdom vise at ein ynskjer eit miljøvenleg landbruk i Noreg. Grønt spa’tak vart starta av Natur og Ungdom og Norsk Bonde- og Småbrukarlag. Felleskjøpet og Norsk Seterkultur har òg slutta seg til prosjektet. Deltakarane får dekt reise til arbeidsstaden, forsikringar, mat m.m. I tillegg får ein ei symbolsk løn – ”lommepengar” – for å vere med. 
 
Grønt Spa`tak er eit godt tiltak for at unge skal få høve til å oppleve gardslivet og få økt forståelse for miljøvenleg landbruk. Vil du vite meir eller delta på Grønt Spa´tak, ta kontakt med Natur og Ungdom på spatak@nu.no eller www.nu.no 
 
AVLØYSAR 
 
For å vere sikra avløysing på garden i ferie, fritid og ved eventuell sjukdom, kan bønder knyte til seg avløysarar, fyrst og fremst for å ta seg av husdyrstellet. Gjennom jobb som avløysar kan ein få erfaring frå bondeyrket. Avløysarar arbeider anten på privat basis åleine eller i eit avløysarlag. For å få jobb som avløysar må ein anten ha erfaring frå gardsarbeid, eller ein kan gå på avløysarkurs (sjå side. 41). Ein kan søkje på utlyste stillingar eller sjølv kontakte bønder og spørje om dei treng avløysar. 
 
RØKTAR

Ein røktar er vanlegvis tilsett på garden og har det daglege ansvaret for dyrestellet.
 
FORPAKTAR 
 
Forpakting er leige av landbrukseigedom med tilhøyrande bygningar. Ein forpaktar driv garden som ein vanleg bonde, men utan sjølv å eige garden. Frå Landbruksforlaget kan ein tinge standardkontraktar på forpakting. Etter lova kan det ikkje avtalast kortare forpaktingstid enn fem år, og ikkje lenger enn ti år (sjå side. 33). 

LANDBRUKSUTVEKSLING
 
International Agricultural Exchange Association driv eit utvekslingsprogram for ungdom mellom 18 og 30 år, IAEA AgriVenture. Målet er å gje ungdom med interesse for landbruk høve til å lære meir om landbruk, språk og kultur i andre delar av verda. Det skjer gjennom utplassering i vertsfamilier med den type produksjon praktikanten ynskjer.

Ein må reise til ein annan verdsdel enn sin eigen. Frå Noreg kan ein reise til Australia, New Zealand, Japan, USA og Canada. Programma varer frå 4 til 14 månader.

For meir informasjon om IAEA AgriVenture sjå http://www.agriventure.com/.
  
 
Et anna tilbod som har blitt meir populært dei siste åra er såkalt «Woofing». WWOOF er et verdensnettverk kor ein 
kan reise til økologiske garder verden over for å hjelpe til på garden.

Meir om WWOOF her: http://www.wwoof.org/