<!--e tittel -->

200 ledige hus og småbruk i Nord-Gudbrandsdal!

-

Regionrådet for Nord-Gudbransdal sette i 2014 gang prosjektet "Kom til oss!", som blant anna skulle kartlegge eigendommar, og legge ut annonsar for dei eigarane som var interesserte i å selje.

 

Prosjektleder Cecilie Asp har ringt og skrive brev til nesten 400 eigarar i Nord-Gudbransdalen og spurt på hyggeleg vis om nokon kunne vere interessert i å selje. Til NRK forteller hun at ho møtte forståing hos dei som blei kontakta, for bekymringa over at det ikkje var lys i vindauga eller beitedyr til å halde krattskogen nede.

 

For nokon er det vanskeleg å gi slipp på det som ofte er ein eigendom som familien har hatt lenge. Men for bygda er det viktig at det er liv på gardane, og at husa ikkje står tomme. Det går også greit for mange å selje, og berre ein enkel kontakt er viktig for å setje i gang tankane. 

 

Resultatet viser seg når nettsida http:www.komtiloss.no nå i 2015 har ute annonsar for 94 ledige hus og småbruk i kommunane Vågå, Skjåk, Lom, Sel, Dovre og Lesja. Desse kan ein finne ved å gå inn på nettsida, og trykke på lenka til "Bustad".

 

Annonsane som ligg ute på komtiloss.no vil etter kvart også bli lagt ut på gardsbruk.no, slik at dei kan nå ut til endå fleire.


Publisert 26.11.2015