<!--e tittel -->

Er det lommeboka eller drivelysta som skal styre, Dale?

-

Innlegg på trykk i Klassekampen 11. mai 2017:

 

Er det lommeboka eller drivelysta som skal telje?

 

Landbruksminister Jon Georg Dale vil endre regelverket for kjøp og sal av gardsbruk, slik at tusenar av gardsbruk blir fritatt for reglane som sikrar busetjing og matproduksjon. Nå må Stortinget sette foten ned.

 

Dale føreslår å endre lova for kva eigendommar som skal vere omfatta av konsesjonsplikt, buplikt og odel. Desse verkemidla har me for å sikre at landbrukseigendommane i Norge skal vere busett og at jorda blir drive på berekraftig vis. Regjeringa vil nå lempe på krava, og gjere slik at eigendommar på opptil 35 mål kan skal vere fritatt for desse krava. Det vil føre til at over 12 000 gardsbruk blir ein del av same marknad som fritidsbustader.

 

Dersom Dale får det som han vil, vil over seks av ti landbrukseigendommar i Norge vere fritatt frå buplikt. I Hordaland og Nord-Norge vil det gjelde åtte av ti gardsbruk. Det er god grunn til å frykte at landbrukseigendommane vil tilfalle dei mest kapitalsterke, framføre dei som faktisk er interessert i å dyrke jorda.

 

Konsesjonslova sikrar ein låg inngangsbarierre til landbruket, ettersom høge lån og gjeld ikkje er særleg fristande for unge. Den lovfesta priskontrollen sikrar at prisen på garden er basert på produksjonen som er mogleg på garden. Ein gardsmarknad som i størst mogleg grad skal styrast av lommeboka til kjøparen vil opne for at gardsbruk heller blir sett på som ferie- og fritidseigendommar. Dette svekker norsk matproduksjon. Dagens eigarar vil tene på bortfall av konsesjonslova dersom dei vil selje gardsbruka sine til pengesterke kjøparar og spekulantar, men framtidas matprodusentar og matproduksjon vil tape.

 

I Noreg ligg ressursane våre spreidd, og me treng levande bygder og nærleik til ressursane for å gjere nytte av dei på ein forsvarleg måte. Buplikta bidrar i dag til å sikre ikkje berre «lys i husan», men også at me faktisk får tatt landet i bruk. Levande bygder er avhengig av landbruk og bønder treng fagmiljø og naboar som tolererer gjødselsspreiing, traktorkøyring og dyr på beite. Dersom fleire gardsbruk hamnar i hendene på pengesterke, framføre landbruksinteresserte, vil resultatet bli dårleg for dei bøndene som er igjen i bygda. Ingen vil vere den siste bonden som er att i bygda.

 

Sidan 1998 har Natur og Ungdom, Norsk Bygdeungdomslag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag samarbeidd om prosjektet «Slipp oss til – ungdommen inn i landbruket». Gjennom dette prosjektet har me sett kor viktig dagens regelverk for kjøp og sal av gardsbruk er. Prosjektet vårt tar utgangspunkt i at mange norske gardsbruk er ute av drift og står ledige, men at mange nordmenn ønsker å bu på landet og produsere mat. Mangelen på tilbod av gardsbruk som er til sals er derimot det største hinderet.

 

Gjennom nettsida gardsbruk.no kan folk kan legge ut annonsar for kjøp eller sal av landbrukseigendommar. Her har me merka kor stor pågangen for å bu på landet er. 20 000 personar er inne på nettsida kvar månad. Ein marknadsplass som gardsbruk.no er ein måte å styrke rekrutteringa til landbruket på. Den formidlar informasjon om og gir nytt liv til gardsbruk over heile landet, og sikrar og at jorda vert halden i hevd.

 

Dersom Dale får det som han vil, blir det vanskelegare å sikra at gardane som blir omsett på ei nettside som gardsbruk.no faktisk blir brukt til matproduksjon. Truleg vil det også bli færre småbruk som kjem ut for sal, ettersom fleire av dagens eigarar kan bruke dei til fritidsføremål.

 

Ifølge Klassekampen er to tredjedelar av dei nærmare 200 høringssvara som har blitt sendt i denne saka mot å endre konsesjonslova, blant dei eit fleirtal av kommunane i landet. Dersom Stortinget meiner alvor med måla sine om å auke norsk matproduksjon og styrke rekrutteringa til landbruket, burde dei forkaste Dales føreslag om å fjerne bautasteinane som konsesjonslova og buplikta utgjer.

 

- Gaute Eiterjord, prosjektleiar for «Slipp oss til – ungdommen inn i landbruket»

- Tora Voll Dombu, leiar i Norges Bygdeungdomslag


Publisert 11.05.2017