<!--e tittel -->

Bor det en småbruker i deg?

-

Les også om prosjektet på vangivaldres.no

Målet til rekruttingsprosjektet er å bosette og å utvikle gårdsbruk gjennom blant annet å vektlegge å ivareta produksjonsjord, kulturlandskap, skog og støl. En del av prosjektet er også en mentorordning, som gir nye brukere kontakt med erfarne bønder.

Ved prosjektstart har vi oversikt over om lag 90 tomme bruk i Vestre Slidre og Vang. Mange er også i ein situasjon utan naturlege arvtakarar når dei sjølv ynskjer å flytte frå bruket dei eig.

Samstundes er gardar og småbruk særs ettertrakta bustader. Ein av tre som ynskjer å flytte til kommunane våre vil helst bu på eit bruk, og i mange høve også drive det.

Tomme bruk

Prosjektleiar Anne Live G. Garvik er busett i Lomen og driv sjølv mjølkebruk saman med mann og tre ungar. Har du eit bruk som står tomt eller som har ei uviss framtid, ta kontakt med Anne Live. Ho har allereie ei liste med seriøse kjøparar til bruk i båe kommunar. Samstundes er ho godt oppdatert på lovar, reglar, politikk og den generelle gangen i eit gardssal. Vi kan nemne at båe kommunar løfter relevant politikk knytt til omsetning av gardar til politisk behandling dette året.

Prosjektet er finansiert gjennom bygdeutviklingsmidlar frå fylkesmannen og kommunale bidrag. Både politikarar, landbrukskontor og faglag i båe kommunar sit i styringsgruppa for prosjektet. Det vert også lagt opp til ei mentorordning i samråd med faglaga for dei som tek over bruk og ynskjer å drive garden dei tek over. Også utleige av bruk er aktuelt for prosjektet. Lys i glasa og levande grender er det overordna målet.

Har du tankar om sal eller utleige av garden du eig? No eller fram i tid? Ta kontakt med Anne Live G. Garvik på e-post eller telefon: annelive.garvik@gmail.com // 95936189. 

Interessert i bruk

Mest mogleg omsetjing av tomme bruk i båe kommunar er målet for prosjektet. Då held det ikkje å få bruka ut på marknaden. Ein lyt også ha folk som ynskjer å bu og leve på desse bruka.

I dei fleste tilfelle kjem bruket ut på det opne marknaden via vanlege kanalar. Eventuelt berre her på prosjektsidene, samt gardsbruk.no. Erfaringsmessig ynskjer nokre å vite kven dei sel bruket sitt til og difor er det høgaktulet for prosjektet å også formidle direktekontakt mellom kjøpar og seljar.

Vi har også snart oppe å gå ei side der personar som er interessert i gard får presentere seg sjøl og kva dei ser etter.

 

Vil du kjøpe, leige, bu eller drive gard i Vestre Slidre eller Vang? Ta kontakt med Anne Live G. Garvik på e-post eller telefon: annelive.garvik@gmail.com // 95936189


Publisert 26.04.2017