<!--e tittel -->

Ny prosjektleiar for Slipp oss til - ungdom inn i landbruket

-

Gaute Eiterjord frå Stavanger har blitt tilsett som prosjektleiar for ungdom og rekruttering i ei stilling i 40 %. Han overtar stillinga som prosjektleiar etter Andrea Sofie Ellingsen Aasvang som har vore prosjektleiar sidan juli 2013.

 

Gaute har vore aktiv i Natur og Ungdom sidan 2011, først i lokallaget i Stavanger og seinare som fylkesleiar for Rogaland. Han starta i Natur og Ungdoms sentralstyre i 2014, og sidan januar 2015 har han vore 2. nestleiar i organisasjonen. I Natur og Ungdom har Gaute tidlegare arbeidd med landbruk, fiskeri og samferdsle.

 

- Eg ser fram til å arbeide for at det skal bli lettare for unge å etablere seg som bonde i Norge, samt å få liv i gardsbruk som i dag står tomme. Me treng matprodusentar i framtida, og me treng levande bygder for å sikre matproduksjon i Norge, seier Gaute Eiterjord.

 

Prosjektet Slipp oss til - ungdom inn i landbruket er eit samarbeid mellom Norsk Bonde- og Småbrukarlag, Norsk Bygdeungdomslag og Natur og Ungdom. Prosjektet har som mål å auke rekrutteringa til landbruket, og auke busettinga i norske bygder med utgangspunkt i ledige gardsbruk og småbruk.

 

 

Som prosjektleiar skal Gaute mellom anna drifte nettsida gardsbruk.no, følgje opp prosjektane i dei fylka som har tilsett eigne koordinatorar for Slipp oss til og bistå fylkeslag som ønsker og gjennomføre prosjektet. Gaute ser fram til å starte arbeidet med prosjektet:

 

- Ein føler seg kanskje som kjerringa mot straumen når ein skal prøve å snu flyttestraumen frå bygd til by, men når 200 000 nordmenn seier dei kan tenke seg å bu på og drive eit småbruk trur eg det er håp. Eg håper å kunne bidra til å oppfylle denne draumen gjennom å gjere det lett for desse folka å finne gardar på marknadsplassen gardsbruk.no.

 

Har du spørsmål om Slipp oss til?

Send ein e-post til gaute@smabrukarlaget.no eller kontakt Gaute på 46892288. Han er også å følge på Twitter på @GauteEiterjord


Publisert 11.02.2015