<!--e tittel -->

Rekrutteringsprosjekt i Vestre Slidre og Vang

-

- Vi trur ingen gardseigarar ser med lett hjarte på at tunet er tomt og lyset av. Men det er alltid ein grunn til at det har vorte sånn. Prosjektet og prosjektleiaren si rolle vert å gå i dialog med eigarar og sjå konstruktivt på ulike moglegheiter for å få inn folk og unngå forfall, fortel dagleg leiar i Innovangsjon, Hallgrim Rogn til nettstaden vangivaldres.no

 

For augneblinken held prosjektet på med å få på plass ein prosjektleiar. Erfaring frå bondeyrket, kjennskap til kommunane og engasjement for prosjektet er viktige eigenskapar. 

 

Det er Innovangsjon SA som eig prosjektet. Arbeidet er forankra hos faglag, politikarar og administrasjonen i dei to kommunane.

 

Ideen kom frå Bonde- og småbrukarlaget

Hallgrim fortel at ideen til prosjektet kom frå Bonde- og småbrukarlaget:

 

- Ideen til dette kjem frå Yvonne Tonnaer i Vestre Slidre bonde- og småbrukarlag. Ho har vore pådrivar heile vegen, og det er artig å sjå at vi gjennom samarbeid kan få til viktige prosjekt som dette, seier Rogn.

 

Fylkesmannen i Oppland har løyvd midlar til bygdeutvikling til prosjektet, som skal pågå dei neste tre åra. Kommunane er også med og finansierer prosjektet. Ei styringsgruppe er sett ned, der alle interessentar i begge kommunar er representert. Denne styringsgruppa skal setje føringar på arbeidet, og er ein avgjerande ressurs for prosjektleiar.

 

Tomme bruk med stort potensiale

Dei siste åra er det gjennomført ei kartlegging av bruk i Vestre Slidre, og bustader i Vang. Dette dannar grunnlaget for arbeidet til prosjektleiaren.

 

- I tillegg syner tal frå fylkesmannen 90 tomme bruk i dei to kommunane, så her er det nok å ta tak i. Når det er sagt, ser vi på kvart einaste bruk som kjem ut for sal eller leige som ein siger, understrekar Rogn.

 

Tilflyttarar ser etter småbruk

I ein bustadsundersøking gjennomført i Vang for eit par år sidan, kom det fram at 35 % av dei som planlegg å flytte til området, ser etter småbruk eller gardsbruk. 

 

- Dette harmonerer godt med nasjonale tal og det er eit udiskutabelt faktum at kommunar som Vang og Vestre Slidre er avhengige av levande grender og folk på gardane året rundt også i framtida. Med dette prosjektet skal vi bidra til det, samstundes som distriktet trekk til seg heilt nye innbyggarar som vil leve ut draumen og bygdelivet, avsluttar Rogn.


Publisert 09.12.2016