publisert 30.05.2016

Rongen

Hordaland, Voss

Driftsform(er): Sau/hest
Totalareal: 416

Hus og bygninger

Våningshus (hovedhus)

Våningshus. 4 stover, 5 soverom 2 wc/bad + 1 wc. Eldste delen har ei restaurert røykstove frå slutten av 1700 talet. Gamal kvelva potetkjellar er no restaurert og brukt som bakekjellar for flatbrød. Vi bur sjølve i våningshuset.
Kårhuset er frå 1986 , er arkitektteikna og i dag leigd ut til eit par.

Driftsbygning

Eldre stor driftsbygning med innreiding for sau og hest med gjødseltrekk. Ikkje i bruk i dag
Andre hus : Eldhus/verkstad, vedhus og støl.

Andre opplysninger

Vurderer sal, alternativt søkjer vi etter to eller tre familiar, gjerne frå ulike livsfasar, som er interessert i å byggja sitt eige hus, ynskjer å bu landleg, barnevenleg , ev ha husdyr, dyrka mat, grønsaker, bær og frukt. Vi planlegg å dela frå 2-3 tomter i tunet, slik at dei saman med våningshus og kårhus blir eit moderne klyngetun med gode bukvalitetar.
Bruk av driftsbygning, jord, støl og andre goder kan ev avtalast.
Kommuneplanen opnar for denne type gardstunfortetting.

Drift og rettigheter

Jorda vert i dag leigd ut til naboar for slått og vårbeite for sau.
Garden har støl , deler jaktrettar på hjort og reinsdyr, har fiskerett i Bolstadelva, (Lakseelv) Garden har noko hogstmoden skog i bratt terreng.

Beliggenhet

Gardstunet ligg på Bolstadøyri, 55 min med tog frå Bergen, ca 25 min frå Voss. E16 går parallelt med jernbanen. Garden ligg 1,5 km frå jernbanestasjonen. Barneskule og barnehage ligg på Evanger, 10 km aust for Bolstadøyri. Elevane køyrer buss til skulen. Næraste daglegvarebutikk finn ein på på Evanger og på Dale (10 km vest for Bolstadøyri). Bygda har eit aktivt lagsliv.
Tunet ligg sørvendt og har fin utsikt utover dalen og Bolstadelva. Elva renn ut i Bolstadfjorden der det er mogeleg å driva friluftsliv på sjøen . Det er elles mange fine turmogelegheiter i fjella både sommar og vinter.

Fakta om gården

Prisantydning salg:

Prisantydning leie:

Odelsrettslig: ja
Opplæring: ja
Driftsform(er): Sau/hest

Dekar fulldyrka areal: 27 daa
Dekar beite: 11
Dekar overflatedyrka: 0
Dekar skog: 320
Dekar utmark: 38
Dekar totalt: 416
Gårdsnummer / bruksnummer: 360/1

Gårdens eier

Astrid Rongen
Rongavegen 140
5723 Bolstadøyri
Telefon privat +47 93293190
E-post astridongen@msn.com

Meglerinformasjon