publisert 01.11.2016

Langateig 6

Sogn og Fjordane, Balestrand

Prisantydning salg: kr kr 3 980 000,-

Driftsform(er): Gårdsbruk
Totalareal: 208 daa

Hus og bygninger

Våningshus (hovedhus)

Innhald:
Svært romsleg husvær på 2 plan med følgjande innhald:
1.etasje: Vindfang/entré, 2 stover, kjøken, kontor og boder.
2.etasje: Trapp/gang, 7 soverom, stove/kjøken, 2 baderom og wc.

Bustadhuset er av romsleg størrelse og vart opphaveleg oppført i 1899. I 1977 vart huset utvida og oppgradet innvendig og utvendig til den tids standard. Det er registrert ein del slitasje/fuktskade på overflater og litt fuktskade på himlingsplater i gang i 2.etasje etter ein liten lekkasje i samband med pipe. Det meste av innvendige vass- og avløpsledningar er i frå 1977. Når det gjeld sanitærinstallasjonar og det elektriske anlegget er det aller meste frå 1977. For bygningen må det påreknast ein del vedlikehald og oppgradering.

Kjøken i 1.etasje og 2.etasje er rikeleg innreia med god skåpplass der frontane er i frå 1977. Det er plass til spisebord på begge kjøken. Bustaden har 2 romslege stover der eine stova har utgang til veranda og vedomn montert. Den største stova i denne etasjen har plass til fleire sittegrupper og har ein flott peis oppført i stein.
2. etasje har 2 baderom frå 1977. Det er belegg på golv og baderomsplater/tapet på veggar.
Det er totalt 7 soverom i våningshuset der alle ligg i 2.etasje. Eit av romma har dør inn til baderom.

Byggjemåte:
Kjellaretasjen har grunnmur med solid gråsteinsmur og under inngangsparti er det ringmur i betong. Trebygning over grunmur er lafta med tømmer, utvendig trekledning og innvendig trefiberlater/trepanel. Taket har sperrekonstruksjon mot kaldloft og er tekka med metallplater.
Innvendige overflater har belegg og laminat på golv. Veggar er av trepanel, måla strie, tømmer, laminat, tapet eller måla plater. I himling er det trepanel og måla plater

Driftsbygning

Innhhald:
Driftsbygningen består av:
Sokkeletasje: Gjødselkjellar
1.etasje: Husdyrrom for storfe og sau og gropesiloar.
2.etasje: Låve med køyrebane og låvebru.

Standard:
Driftsbygningen vart oppført med normal god standard frå 1984. Bygningen er ikkje utvida eller ombygd og er i normal god stand og høver godt til eigedomen. Husdyrrom for storfe har areal på ca 250 kvm og for sau på om lag 50 kvm. Det tekniske anelegget er tilpassa bygningen på den tid den vart oppført.

Ein del av reiskapane som er i driftsbygningen og andre bygg tilhøyrande bruket føljer med i salet. Seljar leverar eigedomen i rydda stand.

Byggjemåte:
Driftsbygningen er oppført med sokkeletasje og 1.etasje og dekke mot 2.etasje i betong. Trebygning over 1.etasje er oppført med laminerte buar. Bindingsverk og utvendig trekledning. Tak med laminerte buar, åstak/lekter og tekking med metallplater. Inngangsparti og sauefjøs har tak med sperrekonstruksjon og tekking med metallplater.

Kårhus:
Kårhuset er på 2 plan og inneheld:
S.etasje: verkstad, garasje, lager og fryserom.
1.etasje: Vindfang, stove, kjøken, 3 soverom, bad og bod.

Standard:
Kårhuset vart oppført i 1965 som bustadhus nr 2 på eigedomen. Baderom/wc har same alder som bygning og kjøken er innreia med enkel standard. Det elektriske anlegget og vass-og avlaupsledningar har same alder som bygning. Bygget har elles behov for vesentleg modernisering for å oppnå dagens standard.

Byggjemåte:
Sokkeletasjen har grunnmur i betong, betonggolv mot grunnen og isolert trebjelkelag mot 1.etasje. Trebygning over har isolert bindingsverk og utvendig trekledning. Taket har sperrekonstruksjon mot kaldloft og er tekka med metallplater. Innvendige overflater består for det meste av belegg på golv, måla plater på vegg og i himling.




Andre opplysninger

Innhaldsrik landbrukseigedom beståande av våningshus, kårhus og driftsbygning med tilhøyrande skog/utmark og rettigheiter som jakt og fiske.

Regulering/offentleg godkjenning:
Eigedomen er regulert til landbruk.

Veg, vatn, avløp:
Eigedomen er knytt til privat vass- og avlaupsnett.
Offentleg vatn og avlaup via private stikkleidningar.

Ein gjer merksam på at eigedomar med vegrett over anna eigedom ofte fører til plikter etter veglova for å ivareta retten, som til dømes å delta i vedlikehaldet og kostnader av vegen.

Energimerking:
Oppvarmingskarakter Oransje - Energikarakter G

Tilkomst:
Lett tilkomst frå riksveg.

Oppvarming:
Våningshus: Elektrisk, vedomn og peis.
Kårhus: Elektrisk og vedomn.

Tomt:
Areal: 207 000 kvm, Eierform: Eiet tomt
Eigedomen med gardstun ligg sørvendt. Stort og åpent tun som er enkelt opparbeida med grønt parti rundt bustaden.

Areal:
Eigedomen har følgjande areal:
Fylldyrka jord: 96,0 daa
Overdyrka jord: 3,0 daa
Innmarksbeite: 108,0 daa
Sum jordbruksareal: 207,0 daa

Skog S-bonitet: 1 278,0 daa
Skog H-bonitet: 851,00 daa
Skog M-bonitet: 0,0 daa
Skog L-bonitet: 0,0 daa
Uproduktiv skog: 1 780,0 daa
Sum skog: 3 909,0 daa.

Eigedomen med gardstunet er samanhengande berre delt av veg og elva. Samla areal her er på 750 daa. Dyrka areal er på 96 m2, overflatedyrka og innmarksbeite på 112 daa. Resten er skog og anna fastmark. Teig aust for vegen og litt nord om gardstunet er på 100 daa består av innmarksbeite og skog. Resten av arealet med teigar som ligg frå ca 3 km lengre innover dalen og endar i høgfjellet. Arealet er på ca 3300 daa. Etter opplysningar har teigen som ligg nærmast gardstunet ein del drivverdig skogareal.

Konsesjon:
Eigedomen er konsesjonspliktig og er underlagt bu- og driveplikt etter Konsesjonslova og Jordlova sine bestemmelsar.

Drift og rettigheter

Stort og flott gardsbruk med rikeleg potensial for både bær, stofe og sau.
Hovuddrifta dei seinare år har vore jordebær, oppaling av storfe og sauedrift.
På det meste har det vore dyrka 15 mål med jordebær. Dette vart avslutta i 2015.
Det har og vore oppavl av mellom 15 - 20 oksar kvart år. Dette og vart avvikla i 2015.
Det har og heile tida vore sauedrift på garden. No er det ca. 40 lambsauer på garden som kan følgja med i handelen.

Beliggenhet

Garden ligg i Vetlefjorddalen i Balestrand kommune, Sogn og Fjordane, mot sørvest med gardstunet omlag 50 m.o.h og har flott utsikt over parti Vetlefjorddalen og naturomgivnaden elles. Det er 25 km til kommunesenteret i Balestrand og reisetid til regionsenteret Sogndal med ein utvida jobbmarknad er ca 1,5 t.
Området har tradisjon for variert jordbruk med husdyr og bærproduksjon. Alternativ drift er kombinasjon av jordbruk og arbeid utanfor garden.

Fakta om gården

Prisantydning salg: kr 3 980 000,-

Prisantydning leie:

Odelsrettslig: ja
Opplæring: nei
Driftsform(er): Gårdsbruk

Dekar fulldyrka areal: 96,0 daa
Dekar beite: 108,0 daa
Dekar overflatedyrka: 3,0 daa
Dekar skog: 3 909,0 daa
Dekar totalt: 208 daa
Gårdsnummer / bruksnummer: Gnr. 29 Bnr 1

Gårdens eier

Jarle Midttun
Langateig 6
6899 Balestrand
Telefon privat 95 20 58 47
Nettside http://m.finn.no/realestate/homes/ad.html?finnkode=85121888
E-post jarlmidt@online.no

Meglerinformasjon

Jan Rune Årøy
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS

Mobil 95 04 42 40
E-post jan.aaroy@ssf.no