publisert 20.11.2017

Nordpå-Tynnøl

Oppland, Lesja

Prisantydning leie: kr 30 000

Driftsform(er): Mjølkeproduksjon
Totalareal: 550

Hus og bygninger

Våningshus (hovedhus)

Hovudhuset er dessverre ikkje til utleige. Eg kan prøve å hjelpe til med å finne bustad i nærleiken.

Driftsbygning

Båsfjøs frå 1976. 25 båsplassar, og i tillegg bingar til om lag 45 ungdyr. 25 tonns høytørke og tre store plansiloar (totalt ca 750 kubikkmeter silo av god kvalitet). Grabb i silo og på låve, og appetittfôrvogn i fjoset gir rasjonell fôring.

Frittståande reiskapshus med 4 portar, der 3/4 er til leie. Her er det plass til traktor, med meir.

Andre opplysninger

Eg er interessert i å forpakte bort garden i mellom 5 og 10 år.

Drift og rettigheter

Garden har mjølkeproduksjon med om lag 157 tonn kvote. Garden er veldriven, og jorda er i god hevd. Det er i samarbeid med naboane bygd ut 2 stasjonære vatningsanlegg og garden har i tillegg traktorpumpe, så all jorda kan vatnast, noko som er nødvendig på Lesja.

Garden har ålmenningsrett i Lordalen statsallmenning og Dalsida statsallmenning, og har seterrett på Kvita i Dalsida statsallmenning. Det er beiterettar både på sørsida og nordsida av dalføret.

Det er store moglegheiter for fiske og jakt i området, både som innbyggjar i Lesja og som medlem av grunneigarlaget. Mellom anna kan ein få jaktkort på reinsdyr kvart år. Elva Lågen ligg 600 meter frå garden, og er eit eldorado for flugefiske.

Beliggenhet

Garden ligg 3,5 km frå Lesja sentrum, der det er butikk, kafé, legekontor, grunnskule, barnehage og anna nødvendig. Avdemsbue, som sel lokalmat og anna, ligg under éin kilometer frå garden.

Fakta om gården

Prisantydning salg:

Prisantydning leie: 30 000

Odelsrettslig: ja
Opplæring: ja
Driftsform(er): Mjølkeproduksjon

Dekar fulldyrka areal: 250
Dekar beite: 0
Dekar overflatedyrka: 4
Dekar skog: 200
Dekar utmark: 100
Dekar totalt: 550
Gårdsnummer / bruksnummer: 90/4

Gårdens eier

Marit Hole Tynnøl
Tynnølsvegen 50
2665 Lesja
Telefon privat 480 42 580
Nettside http://www.backpackerslodge.no
E-post mtynnol@online.no

Meglerinformasjon