publisert 27.09.2018

Lomelde Gard

Sogn og Fjordane, Sogndal

Prisantydning salg: kr 7200000

Driftsform(er): Frukt og bærproduksjon
Totalareal: 351900

Hus og bygninger

Våningshus (hovedhus)

Bustaden er oppført på grunnmur i betong, yttervegg i bindingsverk, trebjelkelag og glasert hollandsk takstein som taktekke. Det er bygningsmasse med ulik byggjetidspunkt og vedlikehaldsbehov.
Bustad, byggjeår 1971, modernisert 1973, grunnflate 145 m2 i 2 1/2 etg:
Bustaden har standard stort sett frå byggjeår. Det er belegg og tepper på golv, tapet, måla overflater og panel på veggar. Det må påreknast generell oppgradering av overflater og skift av vindauger. Fyrrommet tilfredsstiller ikkje dagens krav for slike rom.
Kårdel, byggjeår: 1973, grunnflate 88 m2 i 2 1/2 etg:
Kårdelen har standard frå bygjeår med behov for generell oppgradering.
Kåredelen er bygd saman med hovudhuset og er oppført på grunnmur i betong. Bygningen har yttervegg i bindingsverk, betongdekke mellom kjellar og 1.etg. trebjelkelag i etasjeskille mellom 1. og 2. etasje. Bygningen har saltak.

Driftsbygning

Driftsbygningen er oppført på grunnmur i betong med fjøsdel i betongstein, over grunnmur er det trekonstruksjon og saltak. 1.etg har støypt golv, 2.etg har bjelkelag og dekke i tre, og låvedel har tredekke. Utvendig er bygningen bordkledd og har eternittplater som taktekke.
Driftsbygning, byggjeår: 1954, grunnflate 310 m2, 4 etg:
Bygningen er opprinnelig bygd for husdyrproduksjon, men vert i dag brukt som lagerbygning og fruktpakkeri. Kjellar vert brukt som reiskapsrom og lager. I tillegg er det laga 2 små og eit stort kjølerom med ein kapasitet på totalt ca 100 m3. Bygningen framstår i dag som bra vedlikehaldt ifht. alder, men i løpet av dei nærmaste åra vil det m.a vere behov for utskifting av tak

Pakkehuset er oppført i reisverk av tre på grunnmur i betong. Etasjeskilje er av betong. Utvendig er er bygningen bordkledd og har stålplater som taktekke. Pakkehus, byggjeår 1952, grunnflate ca 40m2, 2 etg.
Bygningen framstår som bra vedlikehaldt alder tatt i betraktning.

2 eldre naust oppført ved fjorden har grunnmur i naturstein, utvendig bordkledning, stålplater som taktekke og grus på golv.
Noko av arbeidet på kaia er foretatt på 1980-talet, men i 2014 vart det gjort oppgraderingar og støypt/lagt tredekke.
Støylsbygget er oppført i laft med grunnmur i naturstein. Taktekke består av saltak med stålplate

Andre opplysninger

Eigedomen er konsesjonspliktig ved sal utanfor nærmaste familie med bakgrunn i eigedomens totalareal på 352 da og full-/overflatedyrka areal på 55,8 da. Eigedomen er underlagt priskontroll ved omsetning utan for nærmaste familie over 3,5 millionar. Det er bu- og driveplikt på eigedomen.

Det er også odel på eigedomen. Etter revidering av odelslova i 2009 er arealkravet til odlingsgjord at full- eller overflatedyrka jord på eigedomen er over 24 dekar, eller det produktive skogsarealet er over 500 dekar (odellova §2). Eigedomen oppfyller derfor areal krav for odelseigedomar

Drift og rettigheter

Eigedomens jordbruksareal ligg i all hovudsak samla sør for RV55. Einaste dyrka nord for vegen er eit ny planta areal med pæretre på ca 5,0 da. Skogsarealet ligg også nord for riksvegen. Ca 1 km mec skogsbilveg.

Eigedomen blir driven med fruktproduksjon, hovudsakleg ca 3 800 plommetre, ca 1 200 morelltre og 800 pærer, og noko bjørnebær, kirsebær og ripsbusker. Store delar av produksjonen vert omsett ved torg- og festivalsal gjennom opparbeida nettverk, samt eigen utsalgsplass ved riksvegen.




Produksjonen fordelar seg på totalt ca. 50 da fordelt på 33 da plomme, 12 da moreller og 5 da pærer. Heilt vest på eigedomen er det 3-4 da som er eigna for fruktproduksjon, men dette er foreløpig ikkje tilplanta.

Beliggenhet

Eigedomen ligg på Slinde med flott utsikt og lang strandlinje til Norafjorden/Sogndalsfjorden.

Eigedomen er aktivt driven med areal for fruktproduksjon og normalt vedlikehald. Areala er samanhengande og det er lite nødvendig med transport langs trafikkert veg. Eigedomen ligg på begge sider av RV55

Fakta om gården

Prisantydning salg: 7200000

Prisantydning leie:

Odelsrettslig: ja
Opplæring: ja
Driftsform(er): Frukt og bærproduksjon

Dekar fulldyrka areal: 55800
Dekar skog: 285300
Dekar utmark: 10800
Dekar totalt: 351900
Gårdsnummer / bruksnummer: Gnr 82 bnr 1

Gårdens eier

Sigmund Lomelde
Lomelde Gard
6859 Slinde
Telefon privat 47873497
E-post slomel@online.no

Meglerinformasjon

Jan Rune Årøy
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS

Mobil 95044240
E-post jan.rune@eigedomsmekling.no