publisert 04.12.2018

Hereid

Hordaland, Eidfjord

Prisantydning salg: kr 3805000

Driftsform(er):
Totalareal: 224,2 daa

Hus og bygninger

Våningshus (hovedhus)

Våningshuset er pr. dato ikkje i bruk, men har vore leigt ut inntil for eitt år sidan. Utleigesummen var då kr.5.000,-/mnd.
Bygningen er opphaveleg oppført i tømmer på grunnmur i naturstein med grfl. ca. 65m² i 1924, seinare påbygt omkring 1970 då det vart installert toalett og dusj.
Bygningen er uisolert med unntak av delar av tak og golv som er etterisolert.
Innvendig er våningshuset noko oppgradert rundt 2005 med parkett i stove og fliser med varmekablar på golvet i gangen. Samtidig vart vindauga bytta.
I 2.etg. er det for det meste heiltregolv og tømmervegger. Nokre av romma manglar elektrisitet. Noko av elanlegget er oppgradert. Det er montert ny fôring i skorsteinen.
Utvendig er huset bordkledd og med steinheller som taktekke.
Tilknytt vatn frå kommunalt vassverk og avløp til egen septiktank.
Bustaden vil ha trong til vedlikehald dei nærmaste åra. Bad og toalett treng oppgradering.
Modernisert/ombygt (i 1970) Påbygt ca.15m²
Modernisering (i 2005) Generelt oppgradert, etterisolert noko i tak og golv, og skifting av vindauge.
Modernisering Fôra skorstein

Byggjeår: 1924 Areal:
BTA: ca.165 kvm.
BRA: ca.155 kvm.
P-rom: ca.95 kvm.
S-rom: ca.60 kvm.

Inneheld: 1.etg: Bislag, gang, baderom, stove, kjøkken, toalett og soverom. 2.etg: Trappeoppgang, loftstove og tre soverom Kjellar: Uinnreidd

Driftsbygning

Driftsbygningen vart bygt opp etter brann i 1986.
Bygningen er oppført i stålreisverk som høytørke med grfl. ca.210m².
Det er bygt kanal på eine langsida og installert vifter for å tørke høy. Dette har ikkje vore nytta dei siste åra.
Bygningen har støypt golv, god høgde under taket og god tilkomst med dører i begge endar og høve for gjennomkøyring. Bygningen har vore leigt noko sporadisk ut som vinterlagring.
Utvendig er bygningen bordkledd og med aluminiumsplater som taktekke.
Normalt bra stand med omsyn til alder.

Byggjeår: 1986 Areal:
ca.210m²
Inneheld: kanal på eine langsida og høytørke

Andre opplysninger

Tunet består av våningshus, driftsbygning, eldhus og smie. I tillegg er det Stølshus i Hereisvedal.

Drift og rettigheter

Velkomen til gardsbruket Hereid! I vakre Hardanger finn me denne unike eigedomen med store samanhengande flatar med dyrka mark inst på Hereid.
Tunet med våningshus, driftsbygning, eldhus og smie, ligg for seg sjølv, fritt og ope, i enden av Hereidsvegen, berre omkransa av idylliske bjørkehagar. Arealet er samla i ein teig og strekk seg frå flaten på Hereid, der det i dag vert dyrka grovfôr, vidare ned mot Eidfjordvatnet og endar i ei vakker sandstrand. I skråninga ned mot vatnet er det beiteområde, bjørke- og furuskog.
Gardsbruket har eigedomsrett i felles utmark i fjellet med stølsrettar, beiterettar, jakt- og fiskerettar. I Vedal er det bygt stølshytte, og bruket har i tillegg rett til oppføring av hytte på Fivlingen.
Til garden har det høyrt med ei nausttomt ved Eidfjorden i sentrum. Denne er skild i frå, men er lagt ut for sal samtidig, sjå eige prospekt, eller ta kontakt.


Jord og skog
Etter at bruket vart flytt inst på Hereid, har alt arealet vorte samla og eigedomen har ei fantastisk arrondering. Jordbruksarealet er samla i ein stor flat teig på toppen av Hereidsterassen. Herifrå er det direkte tilkomst til Eidfjordvatnet, gjennom eigen hage med beiteområde, bjørke- og furuskog.
I dei siste åra har det vorte drive med fôrproduksjon, og areala er helde i god hevd. Fram til 1970-åra vart det drive med både mjølkeproduksjon og sauehald på bruket, medan det seinare fram til 1990-åra vart drive med potet- og jordbærproduksjon i tillegg til grovfôrproduksjon for sal. Seinare har alt arealet vorte nytta til fôrproduksjon.

Dei store samanhengande flatene gjer at jorda kan drivast svært effektivt. Arealet er lett tilgjengeleg ved veg, godt tilgjengeleg for maskiner og knytt til vatningsanlegg frå elva Austro. Bruket har eigen veg inn til elva. Sandjorda gjer arealet lett å køyra på, samtidig som jordsmonnet er godt eigna til både fôrproduksjon og dyrking av ulike vekstar som potet, grønsaker og bær.

Skogsarealet ligg i skråninga ned mot Eidfjordvatnet, og består for det meste av naturleg bjørke- og furuskog. Dette er produktiv skog med høg bonitet. Arealet er tilgjengeleg med veg og godt tilgjengeleg for avverking.
Totalt areal er 224,2 daa. der av: 75 daa. fulldyrka jord. 0,1 daa. innmarksbeite. 95,1 daa. skog 55,6 daa. utmark og anna areal.
Gardsbruket har òg eigedom ved Bagnsvikane/Skor nord for Eidfjorden.


Jakt og fiske
Gardsbruket har eigedomsrett etter skyld i felles utmark fleire stader, som årleg gjer rett til felling av rein, elg, hjort, rype og anna småvilt og fiske- og beiterettar i dei same områda.
Sameiget Vedal-Fivlingen består av i overkant av 20 grunneigedomar og området er på ca. 53.900 da. Grunneigarlaget får tildelt jaktkort for småvilt, rype og reinsdyr som dei sel vidare. Grunneigarane har førsterett til kjøp, og inntektene går inn i lagskassa og vert nytta til administrasjon og vedlikehald av bruer, m.m. Grunneigarlaget får òg vanlegvis tildelt 2-3 fellingsløyve for elg i året og 6-8 fellingsløyve for hjort i året. Jakta vert trekt mellom dei som er interesserte.

Gardsbruket har jaktrett i området ved Bagnsvikane og i området frå Trælo til Stavanesodden. Begge stader er det vanlegvis to løyver på hjort, og kjøttet vert delt mellom deltakarane som melder seg på jakta.

Eigedomen har rett til fiske med garn og sluk i Eidfjordvatnet og har fiskerettar i fleire fjellvatn. På grunn av freding kan ein i dag ikkje fiske med garn i Eidfjordvatnet.


Stølshytta i Vedal
Stølsbygningen ligg i Vedal ca. 3 mil frå tunet på Hereid. Det er ca. 4 timar med gange frå bilveg ved Hjølmo.

Bygningen ligg i fellesområde som tilhøyrer Vedal og Fivlingen grunneigarlag og er utanfor nasjonalparken.

Bygningen er opphaveleg ei gamal stove bygt i 1842 på Hereid, som seinare vart flytt til Vedal og nytta som stølshus. Intil stølshuset vart det sett opp ein flor, men seinare vart alt innreidd til buareal.

Hytta er oppgradert og påbygt seinast i 2004.
Hytta inneheld 2 soverom (6 køyeplassar), opphaldsrom, toalett(tc) og bod.
Enkel standard utan innlagt straum, vatn og avløp.

Det er skifta bordkledning, etterisolert og skifta tak. Oppvarming med ved.
Utvendig bordkledd med stålplater som taktekke.

I tilknyting til stølshuset var det oppført eit eldhus i gråsteinsmur. Dette vart oppgradert i ca. 2010 med nye veggar og helletak som vart lagt om. Bygningen vert i dag nytta som bod.

Stølsbygningane vert nytta i samband med beite, jakt og rekreasjon.

Modernisering (i 2004) Tilbygg stølsbygning
Modernisering (i 2010) Oppgradert eldhus


Stølsrett i Fivlingen
Eigendommen har rett til oppføring av hytte ved Fivlingen. Dette området ligger ca. 25-30 minutts gange frå bilveg/parkering.
Området ligg i fellesområde som tilhøyrer Vedal og Fivlingen grunneigarlag utanfor nasjonalparken.

Beliggenhet

Eigedomen ligg på Hereid i Eidfjord kommune. Dette er ein stor moreneflate som ligg 120 meter over havet, og som strekk seg frå fjorden opp til Eidfjordvatnet. Tunet ligg i enden av Hereidsvegen omlag 2,6 km ovanfor Eidfjord sentrum i søraustleg retning.

Etter utskiftingane i 1899 vart gardsbruket flytt inst på Hereid, og tunet ligg difor i dag heilt usjenert til, med utsyn over eige jorde, bjørkehagar og fjell. Her er svært gode solforhold med sol til langt utpå kvelden om somrane og sol heile vinteren. Frå kanten av jordet kan ein sjå både Eidfjordvatnet, Eidfjorden og ned til bygda.

Eidfjord ligg inst i Hardangerfjorden. Her er kort veg mellom fjord og fjell, og størsteparten av arealet til kommunen er ein del av Hardangervidda. Her er ein flott natur som byr på mange opplevingar for friluftsinteresserte. Bygda har eit rikt kulturliv med kino, museum og galleri med utstillingar og konsertar. I Eidfjord er det kommunefunksjonar, barnehage, barne- og ungdomsskule, butikkar og post. På under ein time kan ein nå Voss sentrum med bil, og på litt over to timar er ein i Bergen.
I nærleiken:
Buss 2,6 km
Skule 3 km
Daglegvare 2,6 km
Barnehage 3 km

Fakta om gården

Prisantydning salg: 3805000

Prisantydning leie:

Odelsrettslig: nei
Opplæring: nei
Driftsform(er):

Dekar fulldyrka areal: 75da
Dekar beite: 0,1 daa
Dekar skog: 95,1 daa
Dekar utmark: 55,6 daa
Dekar totalt: 224,2 daa
Gårdsnummer / bruksnummer: 25/1

Gårdens eier

Halldor Gjernes (for Asbjørg Gjernes)
Lofthusvegen 33
5781 LOFTHUS
Telefon privat 99002559
E-post halldor@gjernes.no

Meglerinformasjon

Advokat Anne-Sofie Lutro