publisert 07.01.2019

Haugen

Sogn og Fjordane, Fjaler

Prisantydning salg: kr 1.100.000NOK

Driftsform(er): Sau, geit, gris og høns.
Totalareal: 47,1

Hus og bygninger

Våningshus (hovedhus)

Eldre hus som vart påbygd i 1980. Stove, kjøkken, 3 soverom og bad. Kjellerstove under tilbygg frå 1980, grovkjeller med gråsteinsmur under resten av bygning. Loft. Oppvarming med vedovner og varmepumpe. Innlagt vatn frå privat brønn. Septiktank som er med i kommunal renovasjonsordning med tømming, frekvens avhengig av bruk. Pr dato kvart 4. år. Huset vart målt utvendig i 2016,det må påreknast ein del vedlikehald. Det føreligg ikkje ferdigattest, då dette ikkje var praksis i Fjaler Kommune før seinare.

Driftsbygning

Driftsbygning av eldre dato, her og er det nødvendig med vedlikehald. Står også eit vedskjul på eigedommen.

Andre opplysninger

Ved salg kan Ford 3000 av eldre årgang følge med. Litt anna reidskap som slåmaskin, plog, harv etc kan også følge med. Vi ynskjer ikkje å nytte megler på eit eventuelt salg. Primært ynskjer vi yngre par med stor arbeidlyst og interesse for drift av småbruk samt stell av dyr som høver til denne plassen. Eventuell overtakelse er i løpet av første halvår 2019. Årsak til att salg er vurdert, heng saman med eigars alder. Prisantydning er 1,1 mill eller høgste bud. Eit eventuelt første bud skal leverast skriftlig gjerne som skanna dokument pr epost.

Drift og rettigheter

Det har ikkje vore drift på garden etter 2010, kun utført beitepussing av innmark i 2012 og 2015. Skogteigen på vel 20 dekar er hogstmogen gran, planta for ca 80 år sidan. Hjortejakt er organisert i storvald, til tider mykje hjort. Første ca 500 meter av vegen frå fylkesvei er gards- og grendeveg, attverande 500 meter er privat veg.

Beliggenhet

Garden ligg ved fylkesveg 607 18 km frå kommunesenteret Dale, og 9 km frå Hauglandssenteret ved Flekkefjorden, der det mellom anna er internasjonalt gymnas, UWC og rehabiliteringssenter for Røde Kors. Butikk er 8 km til Flekke, eller 7 km til Hellevik. Godt og populært turterreng, solrikt, utsikt mot nordøst til blant anna Blæja, eit av dei høgste fjella i ytre deler av Sogn og Fjordane. Barneskule i Flekke. Eigedomen ligg usjenert, svært fredelig plass.

Fakta om gården

Prisantydning salg: 1.100.000NOK

Prisantydning leie:

Odelsrettslig: nei
Opplæring: ja
Driftsform(er): Sau, geit, gris og høns.

Dekar fulldyrka areal: 12,6
Dekar beite: 3,6
Dekar overflatedyrka: 5,3
Dekar skog: 24,4
Dekar totalt: 47,1
Gårdsnummer / bruksnummer: 37/9

Gårdens eier

Søren Kr Hauge
Dingemoen 20
6963 Dale
Telefon privat 48249330
Nettside http://https://gardskart.nibio.no/landbrukseiendom/1429/37/9/0
E-post skrhauge@online.no

Meglerinformasjon