Bruk for deg - Føreord

-

Å produsere nok mat på ein økologisk forsvarleg måte til ei stadig aukande verdsbefolkning, er ei av dei største utfordringane 
menneska står overfor. Skal vi klare det er vi avhengige av auka rekruttering til landbruket. 

Landbruket står overfor eit todelt rekrutteringsproblem: Odelsungdom misser trua på landbruket som ei framtidsretta 
næring, og manglar motivasjon for å overta garden. For ungdom utan odel som ynskjer å kjøpe gard, står landbruket 
fram som ei lukka næring. 
 
Gjennom prosjektet «Slipp oss til – ungdom inn i landbruket» vil Natur og Ungdom (NU), Norges Bygdeungdomslag 
(NBU) og Norsk Bonde- og Småbrukarlag (NBS) arbeide for at det skal bli enklare og meir attraktivt for ungdom å verte 
bønder. 
 
FLEIRE HENDER I ARBEID 
 
NU, NBU og NBS arbeider for eit økologisk forsvarleg landbruk. Det krev fleire hender i arbeid.
Landbruket må byggje på meir menneskeleg arbeidskraft og ressursar, mindre på kapital og store maskiner. I dag går det meir energi inn i landbruket enn vi får ut av det, og bonden vert pressa til å tyne stadig meir ut av jorda. Eit slikt landbruk er ikkje berekraftig.
 
For å få eit meir miljøvenleg landbruk er vi avhengige av å oppretthalde talet gardsbruk. Frå 1990 til 2009 gjekk talet på 
aktive gardsbruk ned frå 96.000 til 48.000. Får denne utviklinga halde fram, vert matproduksjonen konsentrert om dei 
store bruka. Det kan føre til eit meir mekanisert og industrialisert landbruk. 
 
I dag importerer Noreg over halvparten av maten vi et. I nokre tilfelle vert maten kjøpt frå land med store svoltproblem. 
Noreg må ta ansvar for mest mogleg av eigen mat. Når vi aukar importen av mat frå andre land, gjer vi oss avhengige av 
at styresmaktene der ikkje vel å nedprioritere landbruket på same måten som norske politikarar, men i staden opprettheld 
og helst aukar matproduksjonen. 
 
SNU FLYTTESTRAUMEN! 
 
Dei siste åra har det gått ein jamn straum av folk frå distrikta inn til sentrale strøk. Det har gjort det vanskelegare å bli 
igjen i bygdene. Skular, butikkar, postkontor og kulturtilbod vert lagde ned når kundegrunnlaget vert for lite. Eit levedyktig 
landbruk er avhengig av levande bygder – og levande bygder er avhengig av eit levedyktig landbruk. 
 
I dag meiner mange å sjå ein trend der stadig fleire ungdomar ynskjer å gå mot flyttestraumen, å busetje seg i distrikta 
og drive landbruk. Trass i at mange bruk står tome, er det i mange bygder ikkje mangel på interesserte tilflyttarar som er 
problemet, men at for få gardsbruk vert lagt ut for sal. Særleg dei små bruka er etterspurde. 
 
I kombinasjon med eit yrke utanfor garden, kan småbruka gje eigarane fordelane ved å bu på gard, samstundes som dei 
kan få brukt utdanninga si. Skal vi få til ei aktiv bygdeutvikling må landbruket opnast for nye folk og kombinasjonsbruket 
vidareutviklast. Nye folk og ny næringsverksemd, det siste gjerne med utgangspunkt i ressursar knytte til gardsbruket, 
vil gjere både landbruket og bygdene meir livskraftige. Ei einsidig satsing på heiltidsbonden tener korkje landbruket eller 
bygdene. 
 
 
SLEPP UNGDOMMEN TIL!
 
Organisasjonane bak Slipp oss til-prosjektet håpar at etter kvart som stadig fleire unge viser interesse for å flytte ut på 
bygda og busetje seg på gardsbruk, vil vi få gjennomslag for krava om at det ikkje bør gjevast fritak frå bu- og driveplikta 
når det finst folk som ynskjer å overta garden for å bu der og drive den. 

Bygdene og landbruket lir under fråflytting og forgubbing. Skal bygda og landbruket ha ei framtid, må ungdomen sleppe til.
Det er bruk for deg! 
 


Ann Merete Furuberg
 
Leiar Norsk Bonde- og Småbrukarlag 
 
 
 
Nils Håvar Øyås 
 
Leiar Noregs Bygdeungdomslag 
 
 
 
Ola Skaalvik Elvevold 
 
Leiar Natur og Ungdom