Bruk for deg - Forsikring

-

FORSIKRING
 
For å tryggje dei økonomiske interessene som garden og gardsdrifta utgjer, er det behov for ei rekkje ulike forsikringar. På kvar gard bør det lagast ei forsikringsløysing som er tilstrekkjeleg omfattande til å dekkje dei skadane bonden ikkje ynskjer og / eller ikkje har økonomisk evne til å dekkje sjølv. Her tek vi føre oss dei viktigaste forsikringane for gardbrukarar. 
 
YRKESSKADEFORSIKRING 
 
Alle arbeidsgjevarar er pålagde ved lov å teikne forsikring for yrkesskade/ -sjukdom på arbeidstakarane sine. Gardbrukarar som har folk i arbeid, løna eller uløna, er arbeidsgjevarar og må teikne yrkesskadeforsikring. Born, foreldre (ikkje ved kompaniskap, sjå s. 33) og feriehjelp vert rekna som arbeidstakarar. Gardbrukaren sjølv, ektefellen og sjølvstendig næringsdrivande / representant for desse er ikkje omfatta av forsikringa. 
 
PERSONFORSIKRINGAR 
 
Gardbrukaren og ektefellen er ikkje forsikra gjennom yrkesskadeforsikringa, og bør teikne eigne personforsikringar. Vanlege personforsikringar er livsforsikring, forsikring for uførepensjon og for kritisk sjukdom. Livsforsikringa sikrar utbetaling til etterlatne ved dødsfall. Ved teikning av uførepensjon er ein sikra årlege utbetalingar ved uførleik, medan kritisk sjukdomsforsikringa vert utbetalt dersom ein får ein alvorleg sjukdom. Forsikringspremiane varierer etter alder, kjønn og kor stor forsikringssum ein ynskjer. 
 
LANDBRUKSFORSIKRING 
 
Landbruksforsikringa dekkjer brann, naturskade, innbrot, vassleidningsskade samt andre plutseleg og uforutsette skader på bygningar med vanleg fastmontert utstyr. Forsikringa vil også omfatte avbrot, rettsleg erstatningsansvar og rettshjelp. Yrkesskadeforsikringa kan dekkjast i landbruksforsikringa. 
 
 
TRAKTORFORSIKRING (LANDBRUKSMASKINFORSIKRING) 
 
Bilansvarslova krev at motorkøyretøy som vert nytta på stader opne for alminneleg ferdsel, skal ha ansvarsforsikring. Traktorforsikringa kan i tillegg til ansvarsforsikring omfatte brann/ -tjuveriforsikring, kaskoforsikring eller maskinskadeforsikring, som er den mest omfattande vognskadeforsikringa. I tillegg kjem ulukkesforsikring i form av ei særskild traktorulukkesforsikring. 
 
HUSDYRFORSIKRING 
 
Ein kan teikne forsikring for dyr som døyr, som må totalkasserast ved slakting, som vert borte eller stolne og for dyr som må avlivast av dyrevernomsyn. I tillegg kan ein teikne forsikring for dyr som vert ufruktbare, og for avkom som døyr like før eller etter dei vert fødde. Ein kan også teikne forsikring for produksjonstap ved forbod mot levering eller påbod om nedslakting, ved sjukdom eller skade på fleire dyr samstundes og mot tap som fører til drastiske reduksjonar i produksjonen. 
 
GARTNERIFORSIKRING 
 
Gartneriforsikringa dekkjer dei same skadane som landbruksforsikringa. I tillegg dekkjer den skade på sjølve veksthuset, og indirekte skade på kulturar og ferdige varer når veksthuset vert råka av skade. Gartnarar kan velje mellom avgrensa dekning -tilpassa behovet hjå 
gartnarar med drift vår og sommar, og full dekning - tilpassa behova ved heilårsdrift. Varelageret bør forsikrast på heilårsbasis. I tillegg er det mogleg å teikne eiga vareforsikring for den perioden varelageret er høgare enn vanleg. 
 
SKOGFORSIKRINGAR 
 
Skogbrand Forsikringssekskap Gjensidige er det einaste forsikringsselskapet som har spesialisert seg på forsikring av skog. Dei har forsikringsordningar for ungskog, tømmerskog og juletreproduksjon. Skogbrukssjefen er Skogbrand sin kontaktmann i dei feste kommunar. 
 
NATURSKADEFONDET 
 
Krav om erstatning for naturskadar kan setjast fram overfor Statens Naturskadefond. Med naturskade forstår ein skade som direkte skuldast naturulukker, så som skred, storm, flom, stormflo, jordskjelv, vulkanutbrot og liknande. Ordningane gjev i hovudsak ikkje erstatning dersom brukaren kunne ha teikna eiga forsikring mot skadane.

For meir informasjon sjå www.naturskade.no