Bruk for deg - Gardsdrift

-

På dei fleste gardar er det både husdyr- og planteproduksjon. Når ein driv med husdyr, treng ein også å produsere fôr til dei. I tillegg vert det stilt krav om areal til å spreie møka frå dyra på. For plantane sin del fører gjødsla viktige næringsstoff attende til jorda. Frå husdyra får vi mellom anna kjøt, mjølk, ull og skinn. Planter vert dyrka både for å gå til menneskeføde direkte og for å bli brukt til dyrefôr. Når plantane vert brukte til å fôre opp husdyr, går om lag 90 prosent av energien tapt på vegen. 
 
Kjøtproduksjon basert på plantar som menneska ikkje kan nyttiggjere seg av direkte, så som gras, lyng og lauv, gjev den beste ressursrekneskapen. I planteproduksjonen er det viktig at jorda ikkje vert tynt ut gjennom einsidig drift. Det oppnår ein ved å skifte på kva som vert dyrka på kvart jordstykke. Belgvekstane (kløver, erter m.fl.)har ei særrolle i vekstskiftet. Gjennom samspel med særskilde bakteriar kan dei hente nitrogen frå lufta, og slik tilføre jorda viktige næringsstoff. For å kunne drive vekstskifte er det naudsynt med fleire typar planteproduksjon. Vekstskiftet er også viktig for å hindre plantesjukdomar. 
 
Kva produksjonar som svarar seg best økonomisk kan skifte mykje, alt etter kva produksjonar som vert prioriterte i jordbruksavtalen, kva varer det er stor etterspurnad etter og kva det eventuelt er overproduksjon av. Det er heller ikkje alltid slik at høg etterspurnad fører til betre økonomi for produsentane. Når dette vert skrive er det stor etterspurnad etter storfekjøt, men likevel dårleg økonomi i å produsere dette. Det same har vore tilfelle for lammekjøt. 
 
HUSDYRHALD
 
STORFE 
 
Storfe står for både mjølkeproduksjon og kjøtproduksjon. Mjølkekua er ein grunnpilar i norsk jordbruk; ho står for om lag 40 prosent 
av produksjonsverdien i jordbruket og heile 56 prosent av produksjonsverdien i husdyrbruket. Det meste av storfekjøtet vert produsert i kombinasjon med mjølkeproduksjon. I tillegg finst det eigne kjøtbuskapar. Gras og rotvekstar er det naturlege grunnlaget for fôring av kyr. Kraftfôr er eit supplement, og står for om lag ein tredjedel av fôret. Beite er den vanlegaste forma for sommarfôring. 
 
GEIT 
 
Geita er mjølkeprodusent, men gjev også noko kjøt. Dei siste ti åra er det norske produksjonsmiljøet for geit blitt sterkt svekka og talet geitebønder er blitt meir enn halvert. Då geitemjølkproduksjonen er basert på utnytting av lokale ressursar i distrikta, og er viktig med omsyn til både busetjing og kulturlandskap, ynskjer styresmaktene framover å leggje betre til rette for geitemjølkprodusentane. Det blir mellom anna vurdert verkemiddel som kan stimulere til meir lokal foredling av geitemjølka. Geita har mykje det same kosthaldet som kua. 
 
SAU
 
Kjøt er det viktigaste produktet frå sauen, men også ulla gjev inntekter. Å drive med sau krev beiteareal om sommaren. Elles lever sauen av høy, surfôr og noko kraftfôr. I nokre områder er det store konfliktar mellom utmarksbeite for sau/ storfe og rovdyr. Innan forvaltingsområda for ulv vil ein i praksis ikkje få investeringsmiddel til nybygg/utviing for sau. Praksis syner også at mattilsynet vil kunne gje beitenekt i slike områder. 
 
SVIN 
 
Formålet med grisehaldet er kjøtproduksjon. Griseproduksjon baserer seg i hovudsak på kraftfôr. Grovfôr kan nyttast i små mengder til avlsdyr. 
 
FJØRFE
 
Fjørfe gjev oss både egg og kjøt. Verpehønene står for eggproduksjonen, medan slaktekylling og kalkun er dei to mest vanlege formene for kjøtproduksjon. I konvensjonell fjørfeproduksjon vert dyra fôra på kraftfôr. 
 
HEST 
 
Hesten har tradisjonelt vore ein viktig arbeidskamerat i jord- og skogbruk. I dag har maskinar teke over arbeidet på dei fleste gardar. På ein del gardar går hesten framleis i landbruksarbeid. Andre stader er han blitt ein viktig del av attåtnæringane, til dømes på ridesenter og i samband med hesteskyss av turistar. 
 
ANDRE HUSDYR
 
I tillegg til produksjonane nemnde ovanfor, kan ein også halde andre husdyr, til dømes kanin for kjøt- og ullproduksjon, bier for å få honning, villsvin for kjøtet sin del, eller and og gås for produksjon av kjøt og dun. Katt og hund er både kjæledyr og nyttedyr. 
 
side 10 | Bruk for deg

MJØLKEPRODUKSJON
 
 
For å kunne drive med ku- eller geitemjølkproduksjon, og levere mjølk på meieriet, må ein ha mjølkekvote. Kvoteordninga er innført for å tilpasse mjølkeproduksjonen til marknaden. Ein kan produsere mjølk til eigen bruk, og frå 2003 kan ein òg lovleg produsere mjølk som ein vidareforedlar sjølv, utanom kvote. Dette gjeld både for dei som har kvote, og dei som ikkje har. Ein kan ikkje selje konsummjølk på denne ordninga, men for eksempel yste ost og kinne smør. 

Då kvoteordninga vart innført fekk alle eksisterande mjølkeprodusentar tildelt kvote på grunnlag av historisk produksjon. Etter dette har det i realiteten vore etableringsstopp i mjølkeproduksjonen. Nokre år vert det for særskilde bruk, m.a. økologisk drivne, gjort unntak frå etablerarstoppen. I 1996 vart det vedteke å innføre kjøp og sal av mjølkekvoter. I 2010 kunne ein selje 50 prosent av gardens kvote til andre med kvote innan same fylke. Resten lyt seljast til Staten. 
 
Kven ein vil selja til, og til kva pris, er heilt fritt. Delen som lyt seljast til Staten, vert i 2010 betalt med kr 3,50 pr. liter. Det er ein runde med kvotesal kvart år. Innan 1. oktober må ein melde frå om ein vil selja. Dei som vil kjøpe kvote, må enten kome i kontakt med ein som vil selje direkte, eller dei kan melde seg som kvotekjøpar til Staten. Til Staten må ein melda seg innan ein viss dato kvar haust. For å få redusert mjølkeproduksjonen meir enn det ein oppnår ved naturleg avgang, kan staten selje ut mindre enn det den kjøper inn. Dei siste åra har alt vorte selt ut att, ettersom det ikkje har vore særleg for stor produksjon av mjølk. Det har vore stor skilnad på kor mykje ein har fått kjøpt frå fylke til fylke. 
 
Ingen kunne i 2010 kjøpa meir enn 30 prosent av det volumet på kvota ein sjølv eige frå før. I ein del fylke, t.d. Akershus, har mange selt, og her har kjøparane fått full pott. Andre stader, t.d. i Oppland, er det få som sel, og mange som vil kjøpe, så her har ikkje kvar fått kjøpt mykje. Kva ordning som skal gjelde vert vurdert kvart år, etter drøftingar med jordbruksavtalepartane. Ein kan ta pause frå mjølkeproduksjonen. Då vert mjølkekvota ei ”sovande kvote”. For ikkje å miste kvota, må ein starte opp att produksjonen før det er gått ti år. Ein får ikkje godtgjersle for opphaldet i produksjonen. 

For å stimulere til nyrekruttering i mjølkeproduksjonen, er det mulig for gardsbruk utan kvote, å søke staten om kvote. Det blir kvart år avgjort kor mykje som kan fordelast på denne måten. Frå og med 2009 er det også mulig for enkeltbruk og leige kvoter mellom einskildbrukarar. 

OVERPRODUKSJONSAVGIFT
 
For at mjølkeprodusentane ikkje skal produsere meir enn det dei har kvote til, er det innført ei overproduksjonsavgift. Den er i 2010 på kr 3,20 pr. liter utover kvota. Omsetningsrådet krev inn avgifta, men den vert trekt i mjølkeoppgjeret. 

STØLSDRIFT 
 
Tradisjonelt har kyr og geiter halde til på stølen eller setra sommarstid. Slik kunne bøndene spare graset frå heimemarka til vinterfôr. Etter andre verdskrigen har talet på stølar i drift gått dramatisk ned. I dag vert det gjeve særskilde tilskot til seterdrift med mjølkeproduksjon, for å oppretthalde og ta opp att tradisjonell seterdrift og for å vedlikehalde det tradisjonelle kulturlandskapet i seterområde gjennom beiting med husdyr. Tilskotet er ein del av regionalt miljøtilskot, og varierer frå fylke til fylke. 
 
SAMDRIFT 
 
Å drive med mjølk kan vere ein svært arbeidskrevjande produksjon, med mjølking både morgon og kveld. Bruk som driv med mjølkeproduksjon kan gå saman om samdrift. All mjølkeproduksjonen må då skje i ein fjøs og det kan ikkje vere for langt mellom bruka. Samdrifta er eit eige føretak. Det leigar eller eigar dyr/driftsbygningar og kan kjøpe fôr frå deltakarane i samdrifta. Samdrift involverer fleire i det daglege arbeidet i fjøsen. Slik kan deltakarane få meir ordna arbeidstilhøve og meir fritid. 

KONSESJON FOR SVINE-OG/ELLER FJØRFEHALD 
 
Ein kan fritt starte opp med svin og/eller fjørfe, så lenge produksjonen er under ein viss storleik. For å overta anlegg over denne grensa, krevjast det særskild løyve (konsesjon). Konsesjon for svine- og/eller fjørfehald er ein annan konsesjon enn den som er knytt til kjøp av eigedom (sjå s. 24), og krevjast også om garden elles kan takast over konsesjonsfritt, til dømes på odel. Dette er nedfelt i lov om regulering av ervervsmessig husdyrhald. Ordninga er innført for å unngå konsentrasjon av produksjonen på nokre få, store bruk. For nærare informasjon om kvar konsesjonsgrensene går, og korleis ein eventuelt søkjer om dispensasjon, kan ein kontakte det lokale landbrukskontoret. 
 
Bruk for deg | 11 
 
 
PLANTEPRODUKSJON
 
Engvekstar og engdyrking er grunnlaget for den grovfôrbaserte mjølke- og kjøtproduksjonen. Sådde artar i enga er ulike grasartar og engbelgvekstar. I eldre enger kjem det også inn ein del urter. Engvekstane kan både nyttast direkte som beite, og lagrast som høy eller surfôr. 
 
GRØNSAKER OG URTER 
 
Grønsaker og urter kan dyrkast på friland og i veksthus. Kva som kan dyrkast ute avheng av klimaet og jordsmonnet på staden. Vanlege produksjonar er til dømes gulrot, løk, purre, kål og kålrot. Tomat og agurk er døme på drivhusvekstar. Kålrot, nepe og fôrsukkerbete vert også dyrka som dyrefôr. Nepa kan dyrkast over heile landet. Direkte sådd kålrot kan i dei beste områda dyrkast nord til og med Trøndelagsfylka. 
 
Ved hjelp av oppal i veksthus kan dyrkingsområdet utvidast nordover og oppover i dal- og fjellbygdene. Fôrsukkerbetane gjev årssikre avlingar berre i områda rundt Oslofjorden. 
 
KORN, ERTER, OLJEVEKSTAR OG FRØ 
 
Bygg er den mest utbreidde kornarten i Noreg, og vert dyrka på om lag halvparten av kornarealet. I tillegg dyrkar vi også havre, kveite, rug og rugkveite. Dei viktigaste kornområda i Noreg er flatbygdene på Austlandet, i Trøndelag og på Jæren. Bygg kan modnast over heile landet opp til Nordland fylke, og i høgder opp til 600 meter over havet på Austlandet. I høgareliggjande strøk og langt mot nord er det faren for nattefrost som set grenser for korndyrkinga. 

Erter er ein god vekselvekst i korndyrkinga. Åkerertene er som andre belgvekstar i stand til å skaffe seg nitrogen frå lufta. Også oljevekstar (som rybs og raps) er gode vekselsvekstar. Oljevekstane vert dyrka på grunn av dei feittrike frøa sine. Ein kan også dyrke engfrø for sal, for at dei skal bli brukte vidare som såfrø. 
 
POTETER 
 
Poteter kan dyrkast over heile landet. Fråsorterte poteter kan nyttast som dyrefôr. 
 
FRUKT OG BÆR 
 
Ulike sortar bær kan dyrkast over heile landet. Dei beste dyrkingstilhøva og den største delen av produksjonen er på Austlandet og Trøndelag. Fruktdyrking er det mest av langs fjordane på Vestlandet og i Buskerud og Telemark. Frukttrea set krav til eit relativt mildt klima. 
 
SKOGBRUK
 
Skogen er ein av dei viktigaste fornybare ressursane i Noreg. Frå skogen får vi byggjemateriale, papir, papp o.s.v. Skogsdrifta er ei viktig attåtnæring på mange gardar. Dei store skogbrukseigedomane er det flest av på Austlandet og i Trøndelag. Størstedelen av arbeidet i skogen er i form av hogst og utfrakting av tømmer og den skjer som regel på snøføre om vinteren. Sommarhalvåret går med til stell og fornying av skogen. 
 
ANDRE UTMARKSNÆRINGAR
 
Frå utmarka tilhøyrande garden kan ein hauste meir enn tømmer frå skogen og beite til husdyra. Jakt, fiske og bærplukking kan også gje inntekter og bidrag til eige matforråd. 
 
 
ØKOLOGISK LANDBRUK
 
Økologisk landbruk skil seg frå det tradisjonelle ved at det er forbod mot bruk av sprøytemiddel og kunstgjødsel. Økologisk landbruk skil seg også frå det konvensjonelle ved at drifta er lagt opp til å vere mest mogleg sjølvforsynt med omsyn til gjødsel og fôr. Slik vert garden mindre avhengig av å få tilført ressursar utanfrå.

Best mogleg utnytting av ressursane på garden oppnår ein når det er balanse mellom dyretal og dyrka jord. For mange husdyr i høve til areal kan føre til overgjødsling, samstundes som garden ikkje vert i stand til å produsere nok fôr. Organisk gjødsel, vekstskifte og førebyggjande tiltak mot skadegjerarar er viktige tiltak i økologisk landbruk. Kunstgjødsel og kjemiske / syntetiske sprøytemiddel vert ikkje nytta. Husdyra skal, så langt det er mogleg, ha høve til naturleg åtferd. 
 
Det økologiske landbruket baserer seg på lokale og fornybare ressursar. Ved omlegging frå meir einsidig drift kan det etablerast samarbeid mellom fleire bønder som driv økologisk i same distrikt, der dei fordeler fôr og gjødsel mellom bruka. Økologisk landbruk krev meir jordbruksland for å kunne gje same avkasting som det konvensjonelle. Det økologiske landbruket er ofte også meir arbeidskrevjande. 
 
I Stortingsmelding 19 1999/2000 om norsk landbruk og matproduksjon vedtok Stortinget ei målsetjing om at 10 % av 
det totale jordbruksarealet skal vere økologisk innan utgangen av 2009. Målet vart ikkje nådd og denne regjeringa har sett målet til 15% innan 2020. 
 
OMLEGGING TIL ØKOLOGISK LANDBRUK
 
Gardbrukarar som ynskjer å leggje om eller har lagt om, heile eller delar av garden til godkjent økologisk drift, får besøk av ein inspektør frå Debio. Debio er den organisasjonen i Noreg som på oppdrag frå Mattilsynet godkjenner og kontrollerer om gardsbruk, foredlingsbedrifter og omsetjingsledd produserer i samsvar med føreskrifter fastsette av Landbruks- og matdepartementet. Inspektøren og garbrukaren går gjennom driftsopplegget på garden. Debio sender liste over godkjende gardsbruk til Fylkesmennenes landbruksavdelingar. Desse oversiktene vert lagt til grunn for utbetaling av særskilde tilskot. 

Det vert gjeve ekstra tilskot til areal som er under omlegging til økologisk landbruk, og til ferdig omlagt areal. I tillegg vert det gjeve tilskot til økologisk husdyrhald. Søknad om omleggingstilskot og ekstra areal- og husdyrtilskot skjer saman med søknad om vanleg produksjonstilskot (sjå s. 39). 
 
Gardbrukarar som berre søkjer om merkegodkjenning av produksjonen, og ikkje om tilskot, tek direkte kontakt med 
Debio. Dei fyrste par åra under omlegging til økologisk produksjon må produkta framleis verte omsette som konvensjonelle. Det skuldast at det er lagt inn ei karenstid, for at jorda skal kome attende til ei meir naturleg likevekt og for at mest mogleg av restar etter kunstgjødsel og kjemiske/syntetiske sprøytemiddel skal vere borte. Tilsvarande er det også karenstid for dei ulike husdyrproduksjonane. Etter endt karenstid og utskriving av godkjenningsbevis frå Debio, kan produkta verte omsette med Ø-merket. 
  
LÅGKOSTLANDBRUK

I lågkostlandbruket pressar ein utgiftene ned og bruker minst mogleg pengar på innkjøpte driftsmidlar til garden, for å slik å sitje att med mest mogleg av inntektene sjølv. Lågkostlandbruket er prega av mykje arbeidskraft frå dyr og menneske, låg mekanisering og mindre bruk av pengar på kunstgjødsel og kraftfôr.

Ein kan velje å drive lågkostlandbruk av ideologiske grunnar eller fordi ein meiner det er det som svarer seg best økonomisk. Det er ikkje alltid at dei store investeringane kastar mest av seg. I lågkostlandbruket set ein tæring etter næring; trygg økonomi, framfor å søkje mest mogleg omsetjing til ei kvar tid, er eit grunnprinsipp. 
 

Bruk for deg | 13

 

ATTÅTNÆRINGAR
 
Ikkje alle gardsbruk er store nok eller gjev nok avkasting til at ein kan leve av gardsdrifta åleine. Berre 16% av gardbrukarane i Noreg hentar meir enn 90 prosent av inntektene sine frå bruket. (2010) Resten kjem då frå attåtnæringar på garden eller gjennom arbeid utanfor bruket. Lokal foredling og sal av matvarer og andre produkt frå garden er ei tilleggsnæring med stort potensiale. Ein kan til dømes selje grønsaker og poteter, lage ost og andre produkt av mjølk, produsere saft, syltetøy o.a. varer av frukt og bær eller selje ull og skinn.

Turisme og andre fritidsaktivitetar er også næringar ein kan knytte til garden. Turistane kan ein tilby både servering og overnatting. I tillegg kan ein leggje til rette for andre aktivitetar som hesteskyss, riding og ulike former for friluftsliv i utmarka; fjellturar, rafting, klatring og hytteutleige. 
 
Ofte er det fleire bygningar på ein gard enn dei ein treng i gardsdrifta. I desse bygningane kan ein starte ny verksemd. Den kan vere knytt til gardsdrifta i form av foredling og/ eller sal av produkt frå garden. Det er også store moglegheiter for meir utradisjonell bruk av bygningane; til barnehage, landbruksbasert omsorg, handverksbedrifter, verkstadar m.m. Gjennom mellom anna bygdeutviklingsmidlane (sjå s. 36) kan ein få økonomisk støtte til næringsutvikling på bygdene, innan og i tilknytning til landbruket. 

Ynskjer ein arbeid utanfor garden, bør ein tenkje gjennom kva premiss det andre yrket vil leggje for gardsdrifta. Fleksibel arbeidstid kan vere ei god løysing. Det same kan arbeid som er konsentrert til andre tider av året enn når arbeidstoppane på garden finn stad. Er ein to som driv saman, kan anten den eine eller begge ta meir eller mindre arbeid utanfor garden. Ein kan også late det gå på skift kven som har jobb ved sida av. 
 
 
INN PÅ TUNET
 
Garden har mange ressursar som kan takast i bruk. Inn på tunet er eit konsept kor garden vert nytta som ressurs for opplærings-, helse og sosialsektoren. Gjennom Inn på tunet kan ein gje eit tilbod til enkeltmenneskje eller grupper om aktivitetar som byggjer på gardens og bondens ressursar. Tilbodet er lagt til rette i forhold til målgruppe/brukar. Dette kan vere eit utdanningstilbod knytt til skulen eller aktivitets- og arbeidstreningstilbod gjennom helse- og omsorgstenesta. 
 
Gardsmiljøet opnar for mange mogligheiter ved utforming og tilretteleggjing av det enkelte tilbod. Stell av dyr og plantar, drift av skogen og pleie av kulturlandskapet og vedlikehald av maskinar og bygningsmasse utgjer aktivitetsgrunnlaget. Men det er også ein rekkje mogligheiter som ikkje nødvendigvis har noko direkte med gardsdrifta å gjere. Det kan vere aktivitetar som snekring, husflid, baking og produksjon av ulike produkt som til dømes tørka urter. Tilboda kan vere enkeltståande besøk, men oftast er det timebaserte dagtilbod som går gjennom heile året. Ved avlastnings-, helge- og ferietilbod er det lagt opp til overnatting på garden. Det er også gardar som har butilbod over tid. 
 
Tilboda baserer seg i hovudsak på eit samarbeidsforhold mellom gardbrukar og kommunen/institusjonar. Dei fleste 
tilboda er knytt til heimkommunen, men det kan også vere på tvers av kommunegrenser og tilbod som krev lengre reiseveg. Det er kommunen/institusjonar som står som fagleg ansvarleg, og kvalitetssikring og øvrige rammer av tilbodet skal vere regulert i ein samarbeidsavtale.

For meir informasjon sjå: www.innpaatunet.no 
 
BONDENS MARKNAD
 
Bondens marknad er eit torg kor gardbrukarar kan selje varene sine direkte til forbrukaren. Som produsent som leverer til Bondens marknad må du oppfylle krav om lokale og sporbare råvarar, eit handverksmessig preg over produkta og du må selje varene sjølv på marknaden. Marknaden er etablert over heile landet og fokuserer på kvalitet og kortreist mat. 

Forbrukaren får direkte kontakt med produsenten og dette er med på å bevare gleda over mat og matkultur. Gjennom Bondens marknad har bønder moglegheit til ei ekstrainntekt samstundes som dei profilerer eigen mat og slepp alle ekstraledd og kostnadar mellom produsent og forbrukar

For meir informasjon sjå: www.bondensmarked.no