Bruk for deg - Jordbruksavtalen

-

Jordbruksoppgjeret er ikkje eit løns-oppgjer, men eit årleg oppgjer mellom staten og landbruk-sorganisasjonane som fastset inntektsrammene for bøndene som sjølvstendig næringsdrivande. Under jordbruksoppgjeret vert det i hovudsak forhandla om to element; prisar og budsjettstøtte.

PRISAR
Avtaleprisane er prisar bøndene, ved marknadsbalanse, skal kunne ta for varene dei pro-duserer. Etter at importvernet vart lagt om, fekk avtaleprisane nemninga målprisar. Målprisen er den prisen avtale-partane meiner ein kan ta ut i ein marknad i balanse.

Avtaleprisane set ei øvre ramme for kor mykje bøndene kan ta betalt for varene dei produserer. Om dei klarer å oppnå denne prisen, er avhengig av kor mykje marknaden er villeg til å betale for varene og av prioriteringane og arbeidet i omsetjingsledda.

BUDSJETTSTØTTE
Budsjettstøtta omfattar dei pengane som går til jordbruksavtalen over stats-budsjettet. Den er knytt til ei rekke ulike ordningar:

 

  • produksjonsavhengige verkemiddel: støtte som bli betalt for kvart kilo kjøtt, kvar liter mjølk og anna som blir produsert.
  • produksjonsuavhengige verkemiddel: støtte som blir betalt til kvart dyr eller kvart dekar dyrka jord, uavhengig av kor mykje som vert produsert.
  • tiltak utan direkte inntektsverknad: velferdsordningar, kulturlandskapsmidlar, forsking, forsøksringar m.m.


Dei produksjonsavhengige tilskota vert betalte ut saman med oppgjeret for mjølk og kjøt. Grunntilskot vert betalte likt per produsert eining til alle. Distriktstilskota er ulike i ulike deler av landet (0 i dei beste jordbruksområda, høgst i Finnmark). Dei produksjonsuavhengige tilskota blir utbetalt to gonger i året etter søknad der ein oppgjev areal og dyretal (sjå s. 43 og 50). Føre-målet med tilskota er å styrke og jamne ut inntektene mellom ulike produksjonar, ulike bruksstorleikar og ulike område i landet.

SKATTAR OG AVGIFTER
Skatt- og avgiftsspørsmål er ikkje noko avtalepartanee bestemmer over. Sidan 1998 har det likevel vorte forhandla om investeringsavgift, kunstgjødselavgift, forbruksavgift på elektrisk kraft og eit eige skattemessig jordbruksfrådrag. Dette er likevel saker som vert handsama av Stortinget uavhengig av jordbruksavtalen.

GANGEN I FORHANDLINGANE
Norsk Bonde- og Småbrukarlag og Norges Bondelag forhandlar kvart år med Staten om jord-bruksavtalen. Dei to organisasjonane må fyrst verte samde om felles krav som dei går til Staten med. Staten kjem tilbake med sitt tilbod, og det kjem så i gang forhandlingar for å kome fram til ein jordbruksavtale. Hovudspørsmåla er den økonomiske ramma og prioriteringa mellom ulike til-tak.

Rammebetingelsane for jordbruksavtalen er fastsette i den siste Stortingsproposisjonen om landbrukspolitikken, i den førre jordbruksavtalen, det årlege statsbudsjettet, i internasjonale avtalar (EØS, WTO) og i hovudavtalen.

Anten det vert brot eller avtale legg regjeringa i slutten av mai ein proposisjon fram for Stortinget. Proposisjonen vert handsama i Næringskomitéen som kjem med innstilling til handsaminga i det samla Stortinget. Stortingshandsaminga skjer vanlegvis, utan endringar, i midten av juni.