Bruk for deg - Landbruksforvaltninga

Stortinget vedtek kva landbrukspolitikk som skal det vedteke at kommunane og fylket skal få større ansvar førast i Noreg. Landbruks- og matdepartementet har ansvar for at denne politikken vert sett ut i verk, og er øvste leiing for landbruksforvaltninga i Noreg. 
 
DEN SENTRALE LANDBRUKSFORVALTNINGA
 
1. juli 2000 vart stort sett all sentral landbruksforvaltning samla i Statens Lansbruksforvaltning (SLF). SLF overtok oppgåvene som Statens Kornforretning, Omsetningsrådet og Fraktkontoret for slakt hadde tidlegare. SLF overtok også ein del av oppgåvene til Statens Landbruksbank og Landbruksdepartementet.

SLF er underlagt Landbruks- og matdepartementet (LMD), og administrerer produksjonstilskota, 
velferdsordningane og katastrofeordningane i jordbruket, tilskot til økologisk jordbruk, tidlegpensjonsordninga for jordbruket, det tollbaserte importvernet for landbruksvarer og eksportstøtteordningane for næringsmiddelindustrien. SLF administrerer òg kvoteordninga for mjølk, og krev inn omsetjingsavgift på mjølk og kjøtt. 

Statens landbrukstilsyn er eit direktorat under Landbruks- og matdepartementet. Landbrukstilsynet forvaltar regelverk som vedrører innsatsvarene i landbruket, og har som hovudoppgåver å kontrollere og godkjenne jord- og hagebruksvekstar, og å godkjenne og fylgje opp rutinar for internkontroll i bedrifter som er knytt til innsatsvarene i landbruket. 
 
For meir informasjon sjå:
 
• Statens Landbruksforvaltning: www.slf.dep.no 
 
• Landbruks- og Matdepartementet: www.regjeringen.no/lmd
 
• Mattilsynet: www.mattilsynet.no

 
LANDBRUKSFORVALTNINGA I FYLKET 
 
Fylkesmannens landbruksavdeling er det statlege forvaltnings- og rådgjevingsorganet i kvart fylke. Landbruksavdelinga vert leia av landbruksdirektøren. I fylka er det også styre for fylkeskontora til Innovasjon Norge, som handsamar næringssaker, m.a. løyvingar frå bygdeutviklingsmidlane (sjå s. 36).

For meir informasjon sjå www.fylkesmannen.no 
 
LANBRUKSFORVALTNINGA I KOMMUNEN
 
I kommunane er det lokale eller interkommunale landbrukskontor. Dei gjev råd til næringsutøvarar, og førebur saker til det politisk valde organet som handsamar landbrukssaker i kommunen. Det varierer frå kommune til kommune kva styre / utval / komité som har det ansvaret. Alle gardsbruk i Noreg har sitt eige gards- og bruksnummer. Det same har andre typar eigedomar. Teknisk etat har ansvaret for gards- og bruksnummerregisteret i kvar ein skild kommune. 
 
I samband med jordbruksavtalen i 2002 og 2003 vart i fordeling av jordbruksavtalemidla. Kommunen fekk frå 1.1.2004 ansvar for fordeling av midla til bl.a. ”Spesielle miljøtiltak i landbruket ” (SMIL). Fylkesmannen skal fordele i fylket, og kommunane ha innvilgingsmakt. Frå 1.1.2005 vart det etablert eit regionalt miljøprogram. Då fekk fylka ansvar for fordeling av ein del miljøverkemiddel i landbruket. Dei 
tidlegare ordningane som tilskot til seterdrift, driftsvansketillegg, frakt av for frå fjellet og redusert jordarbeiding inngår i den nye ordninga. Fylkesmannens landbruksavdeling fordelar midla i samråd med faglaga på fylkesplan. 
 
LANDBRUKSREGISTER 
 
Landbruksregisteret er forvaltninga sitt register over landbruket i Noreg. I registeret er det samla opplysningar om alle landbrukseigedomar; om eigar, brukar, areal og drift. Landbruksforvaltninga, landbruksorganisasjonane og Statistisk sentralbyrå har konsesjon frå Datatilsynet til å bruke registeret. Gardbrukarar kan få tilgang på informasjon om eigen eigedom. Andre må ha særskilt løyve for å få tilgang til opplysningar frå registeret.

Produsentregisteret er ikkje ein del av landbruksforvaltninga, men eit register eigd av varemottakarar i landbruket, Statens Landbruskforvaltning. Kvar gardbrukar har sitt eige produsentnummer, som m.a. vert nytta i samband med levering til meieri og slakteri. Produsentregisteret er samordna med landbruksregisteret. Også for dette registeret må ein ha konsesjon for å få tilgang til opplysningar om andre enn seg sjølv. 

OMSETJINGSAVGIFT 
 
For mange landbruksproduksjonar må det svarast avgift til Omsetjingsrådet. Den går til å dekkje kostnadane knytt til reguleringslagring og sal av produkta. Avgiftssatsane varierer frå produksjon til produksjon, og for tid på året. 
 
 
 
JORDBRUKSAVTALEN
 
Jordbruksoppgjeret er ikkje eit lønsoppgjer, men eit årleg oppgjer mellom staten og landbruksorganisasjonane, Noregs Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag, som fastset inntektsrammene for bøndene som sjølvstendig næringsdrivande. Under jordbruksoppgjeret vert det i hovudsak forhandla om to element; prisar og budsjettstøtte. 
 
PRISAR 
 
Målprisane er prisar bøndene, ved marknadsbalanse, skal kunne ta for varene dei produserer og avgjerdast av det avtalepartane meiner ein kan ta ut i ein marknad i balanse. Målprisane set ei øvre ramme for kor mykje bøndene kan ta betalt for varene dei produserer. Om dei klarer å oppnå denne prisen, er avhengig av kor mykje marknaden er villeg til å betale for varene og av prioriteringane og arbeidet i omsetjingsledda. 
 
BUDSJETTSTØTTE 
 
Budsjettstøtta omfattar dei pengane som går til jordbruksavtalen over statsbudsjettet. Den er knytt til ei rekke ulike ordningar: 
 
• Produksjonsavhengige verkemiddel:
 Støtte som blir betalt for kvart kilo kjøt, kvar liter mjølk og anna som blir produsert. 

• Produksjonsuavhengige verkemiddel:
Støtte som blir betalt for kvart dyr eller kvart dekar dyrka jord, uavhengig av kor mykje som vert produsert. 

• Tiltak utan direkte inntektsverknad:
Forsking, forsøksringar m.m. Dei produksjonsavhengige tilskota vert betalte ut saman med oppgjeret for mjølk og kjøt. Grunntilskot vert betalte likt per produsert eining til alle. 
 
Distriktstilskota er ulike i ulike deler av landet (0 i dei beste jordbruksområda, høgst i Finnmark). 
 
Dei produksjonsuavhengige tilskota blir utbetalt to gonger i året etter søknad der ein oppgjev areal og tal på dyr (sjå s. 39 og 13). Føremålet med tilskota er å styrke og jamne ut inntektene mellom ulike produksjonar, ulike bruksstorleikar og ulike område i landet. 
 
SKATTAR OG AVGIFTER 
 
Skatt- og avgiftsspørsmål er ikkje noko avtalepartane har innverknad på, men i 2006 var skatt ein viktig del av den endelege jordbruksavtalen. Sidan 1998 har det likevel vorte forhandla om investeringsavgift, kunstgjødselavgift, for bruksavgift på elektrisk kraft og eit eige jordbruksfrådrag på skatten. I 2010 var endringa av toll på drikkemjølk ein viktig del av jordbruksavtalen. 
 
GANGEN I FORHANDLINGANE 
 
Norsk Bonde- og Småbrukarlag og Norges Bondelag forhandlar kvart år med Staten om jordbruksavtalen. Dei to organisasjonane må fyrst verte samde om felles krav som dei går til Staten med. Staten kjem tilbake med sitt tilbod, og det kjem så i gang forhandlingar for å kome fram til ein jordbruksavtale. Hovudspørsmåla er den økonomiske ramma og prioriteringa mellom ulike tiltak. Ramebetingelsane for jordbruksavtalen er fastsette i den siste Stortingsproposisjonen om landbrukspolitikken, i den førre jordbruksavtalen, det årlege statsbudsjettet, i internasjonale avtalar (EØS, WTO) og i hovudavtalen. Anten det vert brot eller avtale legg regjeringa i slutten av mai ein proposisjon fram for Stortinget. Proposisjonen vert handsama i Næringskomitéen som kjem med innstilling til handsaminga i det samla Stortinget. Stortingshandsaminga skjer vanlegvis, utan endringar, i midten av juni.

For meir informasjon sjå:

Landbruks- og matdepartementet: www.regjeringen.no/lmd

Norsk Bonde- og Småbrukarlag: www.smabrukarlaget.no

Norges Bondelag: www.bondelaget.no