Bruk for deg - Samvirke

-

Gjennom medlemskap i samvirkeorganisasjonar kan bøndene vere med å sikre sin eigen marknadstilgang og -styrke. I motsetjing til i 
eit aksjeselskap vert det økonomiske utbyttet i samvirkeføretak fordelt etter deltaking; etter kor mykje ein har levert av varer, og alle andelseigarane har lik innverknad. 
 
Landbrukssamvirket er samlenemninga på dei 15 landsomfattande samvirkeorganisasjonane i landbruket. Organisasjonane er bondeeigde og bondestyrte, med unntak av Gjensidige som også har andre eigarar. Landbrukssamvirkets Felleskontor vert eigd av dei 16 organisasjonane, og løyser oppgåver som kryssar organisasjonsgrensene. 
 
Landbrukssamvirket er samansett av TINE , Nortura SA, Norges Skogeierforbund, AL Gartnerhallen, HOFF SA, Norges Pelsdyralslag, Honningcentralen, GENO, Norsvin, TYR Norsk Kjøtfeavlsalg, Norsk Sau og Geit, Felleskjøpene, Felleskjøpet Rogaland Agder, Landkreditt, Gjensidige Forsikring og Norsk Landbruksrådgivning. 
 
Det finst også organisasjonar utanfor Landbrukssamvirket, i landbruket og i andre næringar, som er organisert etter samvirkeprinsippet.