Bruk for deg - Skjemaveldet

SØKNADSFRISTER 
 
I løpet av eit år er det to søknadsomgangar for produksjonstilskot i jordbruket; ein i januar og ein i august. Produksjonstilskotet er sett saman av mange ulike tilskotsordningar. Nokre av desse kan ein søkje om tilskot frå både i januar og i august, andre berre ein gong i året. Søknaden må skrivast på fastsett skjema. Den fyrste søknadsfristen er 20. januar. I søknadsomgangen med frist 20. januar kan ein også på eige skjema søkje om tilskot til økologisk landbruk. Samdrifter søkjer om tilskot på same skjema som produksjonstilskot i jordbruket. 
 
Tilskot til avløysing ved ferie og fritid er ei refusjonsordning. 20. januar er fristen for å søkje om tilskot for det føregåande året. Dette vert betalt ut i juni, dersom det ikkje går direkte til avløysarlag. Tidligare kunne ein få forskot på avløysartilskotet, men nå får en alt utbetalt ca 1 år etter utgangen av året ein har avløysarutgiftene. Dette gjer det vanskeleg for mange å nytte tilskotet. Norsk Bonde- og Småbrukarlag har i fleire jordbruksoppgjer krevja ei endring på dette, utan å lukkast. 
 
Det er felles søknadsskjema for avløysartilskot og produksjonstilskot. Den andre søknadsrunden har søknadsfrist 20. august. I denne omgangen søkjer ein berre om produksjonstilskot. Viss ein i denne søknaden søkjer om tilskot for grovfôr som ein har selt, må ein kunne dokumentere salet med rekneskapsbilag. 
 
I samband med avløysartilskot ved sjukdom m.v. er det tal dagar ein er sjukemeld, og ikkje tal dagar ein leiger avløysar, som er grunnlaget for utrekninga av tilskotet. Søknaden må vere sendt inn seinast 3 månader etter siste avløyste dag som gjev rett til tilskot. Dersom det er naudsynt å leige avløysar for ein lengre periode, må brukaren søkje for kvar ny periode på 3 månader. Søknader skal leverast til landbruksforvaltninga i kommunen. Utbetaling av tilskot skjer til bankkontoen til søkjaren. Skattestyremaktene får melding om alle tilskot som vert betalte ut. 

For meir informasjon sjå: www.slf.dep.no 
 
KVALITETSSYSTEM I LANDBRUKET
 
Kvalitetsystem i landbruket (KSL) er eit tiltak for å sikre kvaliteten på norsk mat og eit styringsverktøy for å betre drifta og arbeidsmiljøet på kvar enkelt gard. Gjennom KSL vil landbruket gje dokumentasjon til forbrukarar, daglegvarekjeder og styresmakter om korleis matproduksjonen føregår på kvart enkelt bruk i Noreg. KSL set minimumskrav til dokumentasjon for plante- og husdyrproduksjon. Krava 
dekkjer offentlege lover og føreskrifter, mellom anna lov om dyrevern, lov om plantevern og forureiningslova, samt krav landbruket sjølv har pålagt seg, til dømes forbodet mot bruk av antibiotika i fôr. Frå 2002 vart det òg stilt krav om at alle gardsbruk skal ha ein plan for Helse, Miljø og Sikkerhet (HMS) på garden. 
 
Samla vil KSL framheve ein profil for norskprodusert mat som inneber smittefrie matvarer, rett utsjånad, smaks- og brukseigenskapar, god dyreomsorg, miljøvennleg produksjon og fråver av skadelege restar etter medisinar, plantevernmiddel og andre framandstoff. Heile landbruksnæringa står bak KSL. Målet er at alle gardsbruk skal kunne gje dokumentasjon for produksjonen sin og ha etablert eit kvalitetssystem. For landbruksnæringa er det viktig å støtte tiltak som betrar kvaliteten på varene landbruket produserer. Samstundes vil mange leggje vekt på at kvalitetssikringa ikkje bør medføre unødvendig byråkrati, og at minimumskrava til dokumentasjon må henge saman med kvaliteten på det endelege produktet. 
 
Kvalitetsystemet på det enkelte gardsbruk skal reviderast kvart år enten ved egen revisjon eller ein egen revisor fra KSL-matmerk. Stiftelsen KSL-matmerk jobbar med marknadsføring og kvalitetssikring av norsk mat opp mot norske forbrukerar. Det har dei seinare åra blitt eit aukande krav frå varemottakarar på at mjølk, kjøt, egg osv kjem frå gardsbruk som kan dokumentere produksjonen gjennom 
KSL.

For meir informasjon sjå: www.ksl.no 
 
LANDBRUKETS HMS-TENESTE 
 
Landbrukets HMS-teneste er ei stifting eigd av Norsk Bonde- og Småbrukarlag og Norges Bondelag. Stiftinga tilbyr landbruket ei landsomfattande helseteneste i samarbeid med regionale bedriftshelsetenester. Bedriftshelsetenestene har i tillegg til vanleg helsepersonell HMS-rådgjevarar for landbruk. Dei gjev råd og rettleiing om helse, miljø og tryggleik på garden. Medlemskap i Landbrukets HMS-teneste er ope for alle som arbeider i landbruket. All rådgjeving er behovstilpassa gardbrukarar, avløysarar og tilsette på gardsbruk, basert på landbruksfagleg og medisinsk kompetanse.

For meir informasjon sjå: www.lhms.no 
 
EIT SYSTEM PÅ KVAR GARD
Det skal vere eit kvalitetssystem på kvar gard, og det skal omfatte alle produksjonane på garden. I tillegg til nokre generelle krav til garden skal kvart gardsbruk ha oversikt og kontroll over alle produksjonane på garden. For å få full nytte av kvalitetssystemet, er det viktig at alle produksjonane og produksjonsprosessane på garden vert sett i samanheng. 
 
Kvart år må alle gardsbruk gjer ein eigenrevisjon. I denne skal alle gå gjennom drifta, og eventuelt føre opp ting som ikkje er bra nok, med frist for å rette. I tillegg skal det med nokre års mellomrom gjerast ekstern revisjon på alle bruk. Då kjem ein revisor utdanna av KSL og går gjennom kvalitetssystemet på garden. Revisjonssystemet skal vere til nytte for produsentar, varemottakarar, forbrukarar og styresmakter. 
Dei som tek imot varer frå bruket har rett til innsyn i revisjonsrapportane. 
 
Det er bonden sitt eige ansvar å innføre KSL på garden. Varemottak, faglag, forsøksringar, Landbrukets HMSteneste, Fylkesmannens landbruksavdeling, landbrukskontor og KSL-sekretariatet hjelp til med arbeidet. Det er utarbeidd eit eige studieopplegg om Kvalitetssystem i landbruket. 
 
REKNESKAP 
 
Skatte- og rekneskapslov pålegg jordbruk, gartneri og skogbruk rekneskapsplikt. Fram til 2003 hadde jord- og skogbruk eigne rekneskapsreglar fastsett i likningslova. Mindre bruk hadde mellom anna berre noteringsplikt. Dette er det slutt på frå 2003. No må alle næringsdrivande innan primærnæringane fylgje vanlege rekneskapsreglar, og bruke same næringsoppgåve som andre næringsdrivande. 
Det er likevel framleis ein del særreglar for jordbruket, slik at ein må levere eit omfattande tilleggsskjema. 
 
SKATT 
 
Personleg skattepliktige skal betale inn skatt etter kvart som inntekta vert tent opp. Grunnlaget for forskotsskatten er inntekts- og formuestilhøva siste kjende likningsår, med forventa endring. Det endelege skattebeløpet vert rekna ut når året er omme og skatteytaren vert likna etter sjølvmelding, næringsoppgåver og andre likningsskjema. Likninga er ferdig hausten etter, og då får ein anten tilbake eit tilgodebeløp eller må betale restskatt. Aksjeselskap, foreiningar, institusjonar o.l. betaler skatt på etterskot. 
 
Forskotsbetalinga kan skje på to måtar; anten ved at arbeidsgjevaren føretek trekk i samband med utbetaling av løn, eller ved at skatteytaren, når han/ho er sjølvstendig næringsdrivande, sjølv terminvis betaler inn forskotsskatt. Trekka vert gjort på grunnlag av skattekort eller forskotsskatteseddel som likningsstyresmaktene skriv ut. Dersom ein trur at det utrekna skattebeløpet vert for lågt, kan ein 
betale inn meir skatt enn det som er føreskrive. I samband med investeringar som ein vil skrive av på sjølvmeldinga, kan likningsstyresmaktene krevje å få lagt fram ein driftsplan som dokumenterer at det er investeringar i reell næringsverksemd (sjå s. 24). 
 
REKNESKAPSFØRAR 
 
Er ein ikkje glad i papirarbeid, kan rekneskap og anna økonomiarbeid setjast bort til ein rekneskapsførar. Særleg når ein er ny i bondeyrket kan det vere lønsamt å i starten få hjelp av nokon som kan dette arbeidet. Mange rekneskapsførarar kan også lære bort det bonden treng å kunne for å gjere mest mogleg av økonomiarbeidet sjølv. Etter ei slik opplæring, treng ein kan hende berre å leige inn hjelp utanfrå til føring av sjølve årsoppgjeret. 
 
TREKKPLIKT OG ARBEIDSGJEVARAVGIFT 
 
Arbeidsgjevarar pliktar å foreta forskotstrekk av skatt ved utbetaling av godtgjersle for arbeid eller oppdrag utanfor næringsverksemd og av ytingar som det skal gjerast forskotstrekk i. Trukne beløp skal setjast inn på særskild bank- eller postgirokonto, og haldast for seg til dei vert 
innbetalte til kommunekasseraren. 
 
MEIRVERDIAVGIFT 
 
Det vert kravd inn meirverdiavgift på alle ledd i omsetjingskjeden heilt fram til forbrukar. Kvart ledd, unnateke forbrukarleddet, har refusjonsrett for inngåande avgift. Meirverdiavgifta er per 2010 på 25 prosent. På matvarer selt direkte til forbrukar er den 14 prosent. 
 
Næringsdrivande som omset avgiftspliktige varer og/eller tenester over ein viss sum i året, per 2010, kr 50.000, har plikt til og krav på å late seg registrere i avgiftsmanntalet. Registreringa inneber plikt til å rekne ut og betale meirverdiavgift og rett til å trekkje frå inngåande meirverdiavgift. 
 
Næringsdrivande som omset tenester som ikkje er avgiftspliktige, kan søkje om å få verte frivillig registrerte. For landbruket finst det ein del særskilde reglar og føreskrifter når det gjeld kva varer og tenester det skal betalast meirverdiavgift for. Det skal mellom anna ikkje svarast meirverdiavgift ved uttak av eigne produkt frå jord- og skogbruk til eige bruk. 
 
SKOGFOND 
 
Når skogeigarar sel skogsvirke, vert ein viss prosent av brutto virkespris trekt som skogavgift. Det trukne beløpet vert sett inn på ein individuell konto som kommunen forvaltar. Pengane på skogsfondkontoen tilhøyrer framleis skogeigaren, men kan berre disponerast til særskilde føremål.