Bruk for deg - Støtteordningar i landbruket

-

Det finst mange ulike støtteordningar i landbruket. Ordningane er under stadig utvikling; nokre vert forandra, nokre vert borte og nye kjem til. Her vert det gjeve eit kort oversyn over nokre av ordningane som finst våren 2011. Kvart år kjem der ut ei Handbok for driftsplanlegging frå Norsk Institutt for Landbruksøkonomisk Forskning (NILF) - den samlar den viktigaste informasjonen som trengs når ein arbeider med planlegging og økonomisk rådgiving i landbruket. 
 
TRADISJONELLE STØTTEORDNINGAR 
 
Gjennom dei tradisjonelle støtteordningane vert det gjeve produksjonstilskot til jordbruket. For å få rett til tilskot, må ein oppfylle visse krav: Ein må drive eit føretak, mest vanleg enkeltmannsføretak, men det kan òg vere eit AS, ANS m.m. 
 
• Føretaket må drive vanleg jordbruksproduksjon og disponere dyr og/eller areal 

• Føretaket må på registreringstidspunktet, 31. juli eller 1. januar, vere registrert i Einingsregisteret 

• Føretaket må på samme registreringstidspunkt også vere registrert i Meirverdiavgiftsregisteret og kunne levere årsoppgåve som landbruksføretak. 

For å få registrert eit føretak i Einingsregisteret i Brønnøysund, må ein drive næringsverksemd, og ein må ha aktivitet av eit visst omfang. Omsetning under kr 20 000 er sett på som hobbyverksemd, og gjev ikkje rett til registrering. Ein kan drive fleire typar næringsverksemd i eitt føretak. Dersom ein har registrert eit enkeltmannsføretak frå før, og startar jordbruksverksemd, kan ein registrere denne verksemda som ei tilleggsverksemd. For å vere registrert i Meirverdiavgiftsregisteret, må ein ha ei avgiftspliktig omsetning på kr 20 000 over 12 månader. 
 
For oversikt over dei forskjellige støtteordningane ta kontakt med det lokale landbrukskontoret eller les meir på Statens Landbruksforvaltning sine nettsider www.slf.dep.no 
 
INNVESTERINGSSTØTTE OG BYGDEUTVIKLINGSMIDLAR (BU-MIDLAR) 
 
Gjennom Innovasjon Norge kan ein søkje forskjellige typar investeringsstøtte og såkalla Bygdeutviklingsmidlar (BUmidlar). Føremålet med Bygdeutviklingsmidla er å fremje lønnsam og bærekraftig næringsutvikling i og i tilknyting til landbruket. Midla blir avgjort kvart år over jordbruksavtalen og er delt inn i tre hovudgrupper: 
 
•  Midlar til tradisjonelt landbruk og utviklingstiltak som forvaltast av Innovasjon Norge regionalt 

• Midlar til bedriftsovergripande utviklingsoppgåver av interesse for heile eller store delar av landet som forvaltast av Landbruks- og matdepartementet (LMD)

• Utviklingsmidlar som forvaltast av Fylkesmannens landbruksavdeling. 
 
Ein kan søke om investeringstøtte til tradisjonelt landbruk og til tilleggsnæringar i landbruket. 
 
For meir informasjon om investeringsstøtte og fordeling av Bygdeutviklingsmidlar kontakt ditt lokale landbrukskontor eller sjå nettsidene til Innovasjon Norge: www.innovasjonnorge.no 
 
 
MILJØTILTAK I JORDBRUKET
 
Investeringsstøtta til miljøtiltak skal vere med å verne jordbruksområde, hindre erosjon, arealavrenning og forureining frå jordbruket og auke den naturleg grøntstrukturen i kulturlandskapet. Det vert lagt vekt på verknaden tiltaka har for kulturlandskap, biologisk mangfald, kulturminne og opplevingskvalitet. Til miljøplantingar og økologiske reiningstiltak kan ein få tilskot. Til tekniske miljøtiltak kan ein få både tilskot og lån. 
 
MILJØPROGRAM OG MILJØPLAN 
 
Stortinget har vedteke at det skal setjast i verk eit miljøprogram i landbruket, der alle gardsbruk skal ha eigen miljøplan. Miljøprogrammet vil vere samansett av to hovuddelar. Alle gardsbruk må ha en miljøplan for å kunne søkje om produksjonstilskot. Manglande eller mangelfull miljøplan fører til reduksjon i utbetaling av produksjonstilskot ut frå arealstorleiken til føretaket.