Bruk for deg - Ulike ynskje, ulike gardar

-

Kva vil du drive med? 
Kvar vil du bu og korleis vil du bu? 
Kva kan du drive med og korleis vil du drive? 
Før ein tek til å leite etter gard er det mange spørsmål ein bør ha tenkt igjennom
 
 
Det finst gardar av ulik storleik, både når det gjeld areal og inntektsmogelegheiter. Nokre gardar kan gje full inntekt, men dei fleste bønder har inntekter også utanfor gardsbruket. I 2006 henta 16 prosent av gardbrukarane i Noreg meir enn 90 prosent av inntektene sine frå bruket. Resten kjem då frå attåtnæringar på garden eller gjennom arbeid utanfor bruket. Ikkje berre storleiken på garden, men også måten den vert driven på, verkar inn på kor stor avkasting ein kan venta seg frå den, og på kor mykje ein må arbeide ved sida av gardsdrifta. 
 
KVA VIL DU DRIVE MED? 
 
Kva ein vil drive med på garden, bør vere avklara før ein søkjer om konsesjon (sjå s.24). I tillegg til husdyrhald, planteproduksjon eller kombinasjonar av desse, kan ein også ha attåtnæringar på eller utanfor garden (sjå side 14.). Ein kan ikkje alltid starte opp med nett den drifta ein ynskjer. Nokre typar produksjon krev særskild kvote eler konsesjon (sjå side 11 og 24).

Eigne erfaringar og kvalifikasjonar set også rammer for kva gardsbruk ein kan ta over. Er bondeyrket ukjent frå før, må ein rådføre seg med andre om kva produksjon det er forsvarleg å ta over eller starte opp med medan ein framleis er ”under opplæring”. Ikkje berre dei praktiske og teoretiske kunnskapane, men også dei økonomiske ressursane ein sit på, set grenser for kva bruk ein kan og bør satse på. 
 
KORLEIS VIL DU DRIVE? 
 
Gardar kan drivast på ulikt vis. Høg grad av mekanisering, med mange maskinar og høgt energiforbruk, krev store investeringar, mykje vedlikehald og kapital. Lågare grad av mekanisering er mindre kostnadskrevjande, men krev meir arbeidskraft. 

Om ein vel å investere i maskinar, eller om ein leigar inn ekstra arbeidskraft i dei mest arbeidskrevjande periodane på garden, er eit val. Det er meir pengar i omlaup på ein gard med høg mekaniseringsgrad, men overskotet ein sit att med etter årsrekneskapen er gjort opp kan like gjerne gå i lågkost- eller småskalalandbruket sin favør. 
 
KVAR VIL DU BU?
 
Den geografiske plasseringa legg ofte føringar for kva ein kan drive med på garden. Kornproduksjonen er konsentrert i flatbygdene 
på Austlandet, i Trøndelag og på Jæren. Mjølkeproduksjon er det mest av i ”distrikta”. For å drive med sau, treng ein beiteområde i nærleiken. Frukt er det mest av langs Vestlandsfjordane, i Buskerud og Telemark. Bær og grønsaker vert dyrka over heile landet, men ikkje alt kan dyrkast alle stader. Utbreiinga er delvis eit resultat av naturgjevne føresetnader, delvis er den politisk styrt. 
 
 
KORLEIS VIL DU BU? 
 
Det finst ulike måtar å bu på. I landbruket er det vanleg at også besteforeldra eller andre tidlegare eigarar bur på garden, på kår. Når garden vert seld, kan det skrivast ein eigen kårkontrakt som seier kva kårytingar den nye eigaren tek på seg ved overtakinga. Det er vanleg at besteforeldra får bruksrett til kårhuset på garden. I tillegg kan dei få rett til ved og andre produkt frå garden. 
 
SØK RÅD 
 
På spørsmåla ovanfor vil ein få ulike svar og råd frå ulike rådgjevarar. Dei lokale landbrukskontora kring om i kommunane kan fortelje kva produksjonar som er vanlege i området. Ein gardbrukar som driv økologisk vil gje andre råd enn ein bonde på ein konvensjonelt driven gard. Ein småbrukar som trivst med å ha arbeid utanfor garden vil gje andre svar enn ein som ynskjer å ha garden som einaste arbeidsplass. Kan hende har du allereie tenkt gjennom kva som betyr mest for deg. Viss ikkje vil vi rå deg til å søkje råd hjå ulike rådgjevarar, slik at du kan få innsyn i ulike svar. Berre slik kan du gjere deg opp di eiga meining, og utforme dine ynskje.