Bruk for deg - Utdanning

-

Kunnskap om gardsdrift kan ein få gjennom praksis og utdanning. I dag vert det ikkje stilt formelle krav til kompetanse for å overta gardsbruk i Noreg. I Danmark er det innført eit grønt sertifikat som alle gardbrukarar må ha. Det vert diskutert om liknande krav bør stillast 
også i Noreg. Eit fyrste steg på vegen er Kvalitetssystem i landbruket. 
 
Her vert det gjeve ei kort oversikt over ulike landbruksutdanningar. For meir utfyllande informasjon kan ein kontakte den enkelte skulen / studiestaden. 
 
VIDAREGÅANDE SKULE 
 
All vidaregåande opplæring i landbruk ligg under studieretning for naturbruk. Felles grunnkurs for studieretninga er Vg1 naturbruk. Etter endt grunnkurs, kan ein gå vidare på vidaregåande kurs Vg2 og Vg3. Det finst fleire ulike vidaregåande 
kursretningar innan landbruket, her er eit eksempel: 
 
VG 2: Landbruk og gartnarnæring 
VG 3: Landbruk 
 
Etter bestått VG3 Landbruk er du agronom. Mange agronomar er sjølvstendig næringsdrivande bønder, men som utdanna agronom har du også mange muligheiter for å få jobb innan landbruk og tilknytte yrker. Du kan for eksempel jobbe som gardsarbeidar, røktar, avløysar, maskinførar eller innan rådgjeving, forsøksverksemd og naturforvalting. Stadig fleire vidaregåande skular tilbyr eittårig agronomkurs 
for folk som allereie har fullført vidaregåande skule. 
 
Opplysningar om kva skular som har slike kurs finst i fylka sine skulekatalogar og på www.naturbruk.no 
 
HØGARE UTDANNING
 
Universitet for Miljø- og Biovitenskap på Ås gjev akademisk opplæring på praktisk og vitskapleg grunnlag ved mange ulike studieprogram; fornybar energi, hestefag, husdyrvitskap, miljø- og naturressursar, skogfag, akvakultur og meir. Studietida varer frå 3-5 år .

For meir informasjon sjå nettsida www.umb.no 
 
Også ein del høgskular tilbyr høgare landbruksutdanning. I Nord-Trøndelag kan ein for eksempel studere husdyrfag og utmarksfag, medan Høgskulen i Hedmark har eigne studiar i natur- og økoturisme. Det er mange muligheiter for å ta høgre utdanning innan landbruksrelaterte emne og det er lurt å undersøke kva som passar best til eigne interesser. 

Les meir på www.utdanning.no 
 
KURS
 
BYGDEFOLKETS STUDIEFORBUND 
 
Bygdefolkets Studieforbund (BSF) er ein landsomfattande organisasjon som tilbyr kurs og utdanning for vaksne. Først og fremst er BSF studieforbundet til alle som er knytt til landbruket og/eller bygda. Bygdefolkets Studieforbund arbeider for et aktivt, godt og utviklande vaksenopplæringstilbod i bygdesamfunnet. 

Ynskjer du å delta på kurs gjennom Bygdefolkets Studieforbund kan du lese meir på: www.bsfstudie.no
 
STUDIEFORBUNDET NATUR OG MILJØ 
 
Norsk Bonde- og Småbrukarlag er, saman med mellom anna 4H Norge og Den Norske Turistforening (DNT), ein av 17 medlemsorganisasjonar i Studieforbundet Natur og Miljø (N&M). Hovudinteressene til organisasjonane i N&M er innanfor landbruk, natur, miljø og fritid. 

Ynskjer du å delta på kurs gjennom Studieforbundet natur og miljø kan du lese meir på: www.naturogmiljo.no
 
NATUR OG NÆRING FJERNUNDERVISNING 
 
Gjennom Bygdefolkets Studieforbund kan du ta mange kurs som fjernundervising. For eksempel kan du delta på nettkurs i økonomiforståing i landbruket.

Les meir på Bygdefolkets Studieforbund sine nettsider: www.bsfstudie.no 
 
AVLØYSARKURS 
 
Landbruket treng godt kvalifiserte avløysarar. Derfor vert det lokalt halde mange typar avløysarkurs; grunnleggjande, vidaregåande og spesialiserte. Avløysarlag, Fylkesmannens landbruksavdeling, Bygdefolkets Studieforbund o.a. går ofte saman om å arrangere kursa. 
 
KURS FOR UNGE BØNDER 
 
Fylkeslaga til Norges Bygdeungdomslag arrangerer kurs for unge bønder som er i ferd med å etablere seg i landbruket. Kurset tek føre seg lover og reglar ved eigarskifte, kjensler i samband med eigarskifte, rammevilkår for landbruket, organisasjonane si rolle, skattespørsmål, finansiering, økonomistyring og forsikring. 

Les meir på www.nbu.no 
 
KURS FOR NYE BRUKARAR 
 
Bondeorganisasjonar i samarbeid med det lokale landbrukskontoret bruker å arrangere kurs for nye bønder. Problemstillingar som vert gjennomgått her er: Kva for utfordringar og problem møter oss som unge, nye eller komande bønder? Kva for positive sider og gleder ser vi ved å vere bonde? Kor og kva for hjelp kan vi få til økonomisk planlegging og styring av gardsdrifta? Organisasjonssystemet i landbruket - viktige oppgåver – oppgåvefordeling. Kva kan samvirkeorganisasjonane tilby nye brukarar? For meir informasjon ta kontakt med ditt lokale landbrukskontor. 
 
 
FOLKEHØGSKULE
 
Undervisinga på folkehøgskulane er gjerne delt i fellesfag, fordjupingsfag (linjer) og valfag. Fleire folkehøgskular har tilbod om landbruksrelaterte fag som fordjupingsfag. Katalogen «Folkehøgskolen i Norge» kjem i ny utgåve kvart år. Den gjev god oversikt over tilbodet på kvar enkelt skule og opplysingar om folkehøgskulen generelt.

Katalogen kan tingast frå www.folkehogskole.no