Bruk for deg - Velferdsordningar i landbruket

-

Gardbrukarar tek del i dei same velferdsordningane som andre som er trygda i folketrygda. I tillegg vert det over jordbruksavtalen løyvd 
pengar til refusjon av avløysarutgifter ved ferie, fritid og sjukdom og til tidlegpensjonsordninga for jordbrukarar. 
 
FOLKETRYGDA 
 
Med få unntak er alle som bur i Noreg trygda i folketrygda. Folketrygdlova omfattar alle vanlege trygder, utanom barnetrygda. Folketrygda yter stønad ved mellom anna sjukdom, svangerskap, fødsel, alderdom, dødsfall og tap av forsørgjar. Den gjev også stønad til arbeidsledige, til attføring og til ugifte, skilde eller separerte forsørgjarar. Finansiering av trygda skjer ved avgifter frå arbeidsgjevar, avgifter 
frå den trygda og ved tilskot frå staten. 
 
Sjølvstendig næringsdrivande i jordbruket har rett på 100 prosent sjukepengar av forventa årleg arbeidsinntekt frå og med den 15.sjukedagen, mot normalt 65 prosent. Finansieringa av denne ordninga skjer over jordbruksavtalen. Dersom ein jordbrukar ynskjer ei endå betre sjukelønsordning, kan det teiknast frivillig tilleggstrygd. 
 
AVLØYSAR 
 
For å vere sikra avløysing på garden i ferie, fritid og ved eventuell sjukdom, bør alle bønder knyte til seg ein avløysarar. Det kan ordnast på fleire måtar; ein kan inngå avtale med ein eller fleire personar om at dei tek på seg avløysarjobben eller ein kan vere medlem i eit avløysarlag. Tidligare hadde kommunane egne landbruksvikarar. Denne ordninga er no overført til avløysarlaga. Utgiftar til avløysarar vert refusert gjennom midlar over jordbruksavtalen, opp til ei viss grense bestemt ut frå talet på dyr. 

Sjå meir om dette på heimesidene til Norske landbrukstjenester: www.landbrukstjenester.no
 
TILSKOT TIL AVLØYSING VED FERIE OG FRITID 
 
Formålet med avløysarordninga er å leggje til rette for at husdyrbrukarar skal kunne få ferie, ordna fritid og hjelp til avlasting i onnetider. Ein kan få refundert utgifter til løn, feriepengar, arbeidsgjevaravgift og avgiftspliktig køyregodtgjersle til avløysar, inn til ei øvre grense avhengig av talet på dyr. 
 
TILSKOT TIL AVLØYSING VED SJUKDOM M.V 
 
Denne ordninga skal vere med på å finansiere avløysing når brukaren av «særlege grunnar» og for eit «kortare tidsrom» ikkje kan ta del i arbeidet på garden. Ordninga gjeld for bruk med husdyr, plante- / honningproduksjon eller heilårs veksthusproduksjon. Det kan gjevast refusjon for avløysarutgifter ved sjukdom, svangerskap / fødsel, dødsfall, sjuke born og repetisjonsøving. Ein kan få refundert utgifter til løn, feriepengar, arbeidsgjevaravgift og avgiftspliktig køyregodtgjersle inntil eit maksimalt beløp per dag og per landbrukseigedom. For å få rett til avløysartilskot ved sjukdom med vidare, må ein ha hatt næringsinntekt tilsvarande halvt grunnbeløp i folketrygda. Dette utgjer per 
1.8.2010, kr 36.450. Summen vert justert av Stortinget kvart år. For jordbrukarar som har starta opp siste år er det mogleg å få dispensasjon frå dette kravet. 
 
TIDLEGPENSJON 
 
Tidlegpensjonsordninga for jordbrukarar skal vere med å lette generasjonsovergangar i jordbruket for dei som har hatt hovuddelen av inntektene sine frå jordbruk / gartneri og skogbruk. For å ha rett til tidlegpensjon må brukaren ha fylt 62 år, og ha vore jordbrukar i minst 15 av desse. Inntekta frå landbruket må ha utgjort ein viss minstesum og over ein viss del av brukaren sine næringsinntekter dei siste 2-7 åra. I tillegg må bruket vere overdrege til ny eigar. Tidlegpensjonsordninga gjeld også for forpaktarar. 

Både eigaren av bruket og ektefellen / sambuaren kan søkje om tidlegpensjon. Ein kan velje mellom einbrukarpensjon og tobrukarpensjon. Einbrukarpensjon vert utbetalt til brukaren. Tobrukarpensjon vert utbetalt til brukaren og ektefelle / sambuar som har teke aktivt del i drifta på garden. Einbrukarpensjon kan utbetalast f.o.m. den månaden brukaren fyller 62 år, t.o.m. den månaden brukaren fyller 
67 år. Tobrukarpensjon kan ytast dersom ektefelle / sambuar er minst 57 år når brukaren går over på tidlegpensjon. Retten til tidlegpensjon fell bort for begge partar frå det tidspunktet brukaren går over på ordinær alderspensjon ved fylte 67 år. 
 
Dersom brukarparet ynskjer tobrukarpensjon, og brukaren er 62 år medan ektefellen / sambuaren ikkje har fylt 57 år, kan brukaren velje å vente, slik at paret kan søkje om tobrukarpensjon når ektefellen / sambuaren også oppfyller kravet til alder. Det er ikkje mogleg å søkje og ta imot einbrukarpensjon fyrst, for så å søkje om overgang til tobrukarpensjon, eller omvendt. 
 
Ein kan tene så mye ein vil ved sida av jordbrukspensjon, men inntekta kan ikkje vera næringsinntekt frå jord eller skogbruk. Dette av di ein overdra garden for å få pensjon. Ein kan ha inntekt som er opptent før overdraginga, men som skattleggjast etterpå t.d. inntekt frå gevinst og tapskonto. Nytt frå 2010 er at ein kan søkje fleksibel alderspensjon frå folketrygda frå fylte 62 år, ved sida at ein har jordbrukspensjon.