Tilbake til oversikt
Oppland, Vestre Slidre

Steine (53/1) i Vestre Slidre/Valdres

Prisantydning leie

Prisantydning leie:

7 000 kr

Hus og bygninger

Våningshus (hovedhus)

Romsleg våningshus med fem soverom, nyare bad og garasje i kjellaren.

Driftsbygning

Eldre driftsbygning.

Andre opplysninger

Garden Steine i Johmsgrenda på vestsida i Lomen er no tilgjengeleg for leige i sin heilheit. Det betyr romsleg våningshus, beite rundt tunet og høve for å bruke både båtnaust og driftsbygnig.

Bustadhuset er delvis rusta opp i seinare tid og har heile fem soverom. Mellom anna er eit bad av dei opprusta romma.

For den som ynskjer å prøve seg med dyr er både uthus og beite rundt garden inkludert i leiga. Det same er eit båtnaust med båt i, samt fiskerett i Slidrefjorden.

Ta kontakt med eigar for meir informasjon og framsyning.

Soverom: 5

Drift og rettigheter

Høve for å nytje medfølgjande båt og fiskrett i Slidrefjorden.

Driftsform(er): Ingen aktiv drift på garden
Odelsrettslig: nei
Opplæring: nei

Areal

Dekar fulldyrka areal: 50
Dekar overflatedyrka: 0
Dekar totalt: 1556
Gårdsnummer / bruksnummer: 53/1

Informasjon fra Statens Kartverk

Lenke til Statens Kartverk

Beliggenhet

Steine ligg i Johmsgrenda/Lomen i Vestre Slidre/Valdres. Her er berre nokre minutt til Ryfoss der du har matbutikk, bensinstasjon, frisør, treningssenter, kafe m.m. Til kommunesenteret i Slidre tek det om lag 20 minutt.

Kontakt