Tilbake til oversikt
Sogn og Fjordane, Stad

Nydeleg småbruk med unik beliggenhet nær flott utmarksområde. Stort potensiale for eit trygt, rikt, aktivt familieliv.

Prisantydning salg

Prisantydning salg:

1 800 000 kr

Hus og bygninger

Våningshus (hovedhus)

Våningshus med eldste del frå 1928, påbygd i 1962 og 1980. Nokre nye vindu(2017), nytt tak; Decra (2018).
1.etg: 2 stover, kjøkken, gang, entre, bad, 1 soverom. (BTA 96)
2.etg: 4 soverom(BTA 56)
Kjeller med vaskerom, potetkjeller, bod/lagerrom.( BTA 53)
Oppvarming: ved, elektrisk, varmepumpe

Driftsbygning

Driftsbygning vart bygd i 1934, påbygg med 2 siloar+ melkerom, traktorgarasje ca 1975. Bygninga er brukt som lager siste 15 åra, siste driftsform : sau, tidlegare også melkeproduksjon.

Andre opplysninger

Uthus med gjesterom og vedaskjul/lagerom i 1. etg. (BTA 63)
Underetg. (BTA 46), har garasje og snekkerverstad.

Sæter, bygd ca 1890-1910, restaurert i 2003, og framstår i den opprinnelege sæterstilen, med gråsteinsmur under(fjøs), og trekonstruksjon over. Torvtak. Ny isolert stålpipe. Bygninga har ytterdel og innerdel; berre innerselet (440x380)er innreidd og isolert. (BTA 54) Elv renn like ved. Sætra ligg på ca 2 daa eigedomsgrunn.
Sætra ligg ca 1/2 t gange i frå gardstunet, på ein sætervoll med ei handfull seterhus/tufter. Sæterhuset ligg ope og fritt til og er eit fint utgangspunkt for både jakt og fisketurer.

Soverom: 5

Drift og rettigheter

I tillegg til dei 440 daa som høyrer til garden, har eigedomen ein andel i anna felles utmark(over skoggrensa) på 11,25%. Lik andel i hjortejakta, der ni grunneigarar i fellesskap forvaltar ca 20 dyr pr år. Rettigheit til fiske i vatna i utmarka (fisk mellom 0,2-0,4kg er vanleg)

Driftsform(er): Slåttemark er dei siste 15 åra utleigd til nabo for grasprodusksjon, dertil bruk av beite(sau og kyr).
Odelsrettslig: ja
Opplæring: ja

Areal

Dekar fulldyrka areal: 33
Dekar beite: 80
Dekar overflatedyrka: 10
Dekar skog: 230
Dekar utmark: 87
Dekar totalt: 440
Gårdsnummer / bruksnummer: 165/3

Informasjon fra Statens Kartverk

Lenke til Statens Kartverk

Beliggenhet

Garden ligg ca 100 m.o.h. Tunet ligg lunt til og er skjerma mot vind. Området har solgang heile året(ca 1,5 t på det minste). Tunet har fin utsikt, er romsleg og har lett tilkomst for bil heilt til ytterdøra. Avstand til kommunal veg er 80 m. Det er ein rik bærhage både på sør og nordsida av tunet. Med godt jordsmonn for grønnsaker og poteter har det samla vore rikeleg moglegheiter for sjølvforsyning for ei familie. Avstand til barneskule og butikk/bensinstasjon er ca 7 km.
Garden ligg øverst i bygda;nært til utmarka og har svært gode tilhøve for friluftsliv. Flott urørt natur(verna vassdrag), og gode moglegheiter for jakt/fiske, bær-/soppsanking og det å gå turar.
Bygningane treng utbetring men har godt potensiale i seg til å kunne stette moderne krav for ei familie etter ei utbetring. Eigedomen er særs godt eigna til ei familie som ønskje gje etterkomarane sine trygge oppvekstforhold med masse frihet til leik og læring i og omkring natur/dyr/dyrking og fysisk utfolding.

Kontakt

Gårdens eier

Gerd Endestad
Rimstaddalen 111

Telefon privat: 97501198
E-post: [email protected]