Tilbake til oversikt
Sogn og Fjordane, Stryn

Pakting/utleige

Prisantydning leie:

33 000 kr

Hus og bygninger

Våningshus (hovedhus)

Eigedomen inneheld tidlegare Langvin Jordbruksskule og tidlegare Hilde Fellesfjøs. Her er mange bygningar. Mellom anna bustadhus, støylshus og naust ved Nordfjorden. Større eller mindre delar kan disponerast av leigetakar/forpaktar.

Driftsbygning

Driftsbygg til full slaktegrisproduksjon vil vere fullstendig nyinnreia på vel 800 kvm. I same bygg er komplett robotfjøs med alt utstyr. men står tom i dag. Eigedomen har og 700 kvm. nye veksthus der det vert produsert tidlegjordbær i dag. Her er mogeleg å innreie andre bygningsdelar til høns, sau og hest.

Andre opplysninger

Vi ynskjer primært kontakt med dyktig person/familie som som kan tenkje seg å drive slaktegrisproduksjon i full konsesjon (2.100 slakta griser pr år). I dette arealet er fullstendig ny innreiing under montering. Vi ynskjer å leige ut komplett bygg. Men det kan og vere atuelt med ulike andre kobinasjonar. Det er og komplett robotfjøs med alt utstyr og 110.000 liter disponibel mjølkekvote som vi ser etter løysing på drift. Det same gjeld nye veksthus, og andre bygg. Vi driv i dag grasareala sjølve, men har fleire andre som div ulike produksjonar på eigedomen. Vi ynsjer å utvikle aktivitet på eigedomen saman med andre.


Drift og rettigheter

Eigedomen har og tidlegare dyrka mark i støylsmarka som vi ynskjer å setje i produksjon att. Her er hjortejaktrett og høve til å fiske i sjøen.

Driftsform(er): Slaktegrisproduksjon, full konsesjon (2.100 slakta griser pr. år). Mogeleg mjølk i robotfjøs, gras, frukt,bær, veksthus, hest, høns, sau.
Odelsrettslig: nei
Opplæring: nei

Areal

Dekar fulldyrka areal: 99
Dekar beite: 16
Dekar skog: 48
Dekar utmark: 1000
Dekar totalt: 235
Gårdsnummer / bruksnummer: 126/1, 122/91 mfl.

Beliggenhet

Hovuddelen av eigedomen er Langvin Jordbruksskule. Skulen vart lagt ned for over 20 år sidan. Hilde Fellesfjøs vart lagt ned for to år sidan. Vi eig begge desse i selskapet Langvin as. Innvik er ei brei og fin bygd som grensar ned til Nordfjorden. Her er mykje frukt og bærproduksjon. Innvik Fruktlager er største bringebærmottaket i landet, og tek i mot meir enn 25% av alle bringebær produsert i Noreg. Særs godt høve til friluftsliv.

Kontakt

Gårdens eier

Langvin as V/Steinar Dvergsdal
Nikolai Astrupsveg 1965

Telefon privat: 95832733
E-post: [email protected]