Tilbake til oversikt
Vestland (tidl. Sogn og Fjordane), Vik

Prøve ut småbrukslivet i 3md?

Hus og bygninger

Våningshus (hovedhus)

Våningshuset er frå 1934 og har ein enkel men ok bustandard, men huset er ikkje isolert. 1.etasjen har kjøkken, med innreiing frå 90-talet, 2 stover og eit kontor. Det er ein kleberovn i stova. Standarden i første etasje er tømra vegger, tregolv og dels panel dels plater i tak. Andre etasjen har 5 soverom. Standarden her er for det meste tregolv med plater på vegg og i tak. Huset sine ytterveggar er ikkje isolert, golva i alle etasjer i tillegg til taket i andre etasje er etterisolert på 90 talet med cellulose.

Driftsbygning

Driftsbygningen er oppført i 1986 og har ei grunnflata på 274 kvm. Bygningen vart oppsatt for mjølkeproduksjon med kyr på bås, men mjølkeproduksjonen er avvikla og fjøset vart ombygt til lausdrift med ammeku (Belted Galloway) i 2019. Det er i tillegg nokre få sauer på garden (blandingsrase med stort innslag av gamalnorsk spæl).

Soverom: 5

Drift og rettigheter

Garden har vore dreve økologisk sidan 1986. For å best utnytta dei fôrressursane me har her på Vestlandet har me
ammeku av den skotske rasen Belted Galloway og nokre får sauer. 6 månader av året hentar dyra alt dei treng av fôr frå beite på garden i Fresvik og i Fresvikjordalen (800 moh). Elv tilgrensa garden med fiskemoglegheiter. Fjordfiske. Stølshus i Skard og Fresvikjordalen.

Me vurderer i samband med jobb eit utanlandsopphold på ca.3 md vinteren 2022/23 eller 2023/24 og ynskjer i den samanheng å forpakte bort garden i denne perioden til par/familie som kunne ha interesse av å prøve ut gardslivet for ein periode. Du vil disponere heile våningshuset og arbeidsoppgåver på garden vil i hovudsak bestå av dagleg dyrestell. Minst ein av dykk bør ha erfaring innan landbruk frå før og ha mekanisk kunnskap/beherske bruk av traktor med utstyr for inntransport av rundballar m.m. . Ta gjerne kontakt ved interesse!

Driftsform(er): Økologisk ammeku og sau
Odelsrettslig: ja
Opplæring: ja

Areal

Gårdsnummer / bruksnummer: 148

Beliggenhet

Fresvik er ei lita sjarmerande bygd ved Sognefjorden, med eigen nærbutikk og 35 minutts køyretur frå Vik sentrum. Flotte turmoglegheiter i området (Fresvikbreen, Skomakarnipa osv.) sommarstid og gode toppturmoglegheiter om vinteren (Nonhaugen). Viktig innfallsport til Nærøyfjorden Verdsarvområde. Skule i bygda, 2,5 km frå garden (Fresvik Enspireskule), barna går til og frå skulen langs lite trafikkert veg.

Kontakt

Gårdens eier