Tilbake til oversikt
Vestland (tidl. Sogn og Fjordane), Luster

Småbruk i naturskjønne omgjevnader med fantastisk beliggenheit på Mollandsmarki. Hjorteløyve.

Prisantydning salg:

2 550 000 kr

Hus og bygninger

Våningshus (hovedhus)

Våningshus, byggeår 1928, rehab.år 1980
Våningshuset framstår med forventa slitasje ut frå byggeår og bruk. I følgje Bygdeboka vart huset oppsett av tømmer frå løene i gamletunet. Noko vedlikehald og ombygging har vore gjort opp gjennom åra. Ein må likevel pårekne store kostnader med å få huset opp til dagens krav til bruksstandard.
Etterisolering, vindtetting, bordkledning, nye vindauger og takkonstruksjon må sjåast på etterkvart. Det samme må innvendig overflater, samt det elektriske anlegget og tilførselrøyr/avløp.

Opplysningar om innvendige overflater er henta frå vedlagt tilstandsrapport:
Golv: belegg, lakka tregolv og måla tregolv.
Vegg: tapet, måla plater, ubehandla plater, ubehandla tømmervegger og mdf-plater.
Himling: folierte plater, måla plater og maskinpapp.

1.etg:
Kjøkenet er av god storleik med plass til etegruppe, god skåpplass og benkeflate, og frittståande kvitevarer. Kjøkeninnreiing er samansatt av to delar. Ein del har glatte, kvitmåla frontar medan den andre har profilerte overflater i lakka furu.
Badet er innreia med dusjkabinett, servant med under- og sideskåp, varmtvasstank og toalett. Badet vart i følgje eigar pussa opp for ca 10år sidan. Det er ikkje framlagt dokumentasjon på arbeidet. På golv er det nytta påstøyp med varmekablar og flislagt golv. På veggar er det våtromsplater og folierte plater i himling.
Etasjen har også 2 stover med gode mulegheiter for innreiing av sittegrupper, og vedomn i eine stova, soverom og trapperom opp til 2.etg.

Loft:
På loftet finn ein 4 soverom av ulik størrelse.
Delar av loftet er ikkje avdelt og innreia til opphaldsrom.

Elles har bustaden:
- Innvendige installasjonar for vatn/avlaup er frå ulike tider og består av både koparrøyr og plastrøyr.
- Garden har eiga oppkomme og trykkvatn ned til tunet.
- I følgje vedlagt landbrukstakst opplyser eigar at det bør borast etter vatn. Avløpet går til privat slamutskillar med overløp til terreng.
- Sikringsskåp med automatsikringar. El-installasjonane elles er frå ulike tider og stort sett montert som ope anlegg på vegg.

Driftsbygning

Fjøs
Det er kjellar under delar av bygningen. Arealet vart tidlegare brukt som gjødsellager. 1. etasje inneheld husdyrrom til storfe, høns, sau og hest.
2. etasje inneheld låvebru, høyløer og noko lagerareal, samt tilkomst til to mindre tårnsiloar. Driftsbygningen stettar ikkje dagens krav til husdyrhald og arbeidseffektivitet. Bygningen har manglar i høve krav om tett gjødselkjellar, ventilasjon, storleik på båsar/bingar osv. Det er gjort lite med bygningen etter byggetida, og straum og vatn er fråkobla. Det må påreknast omfattande
vedlikehald, forsterking og ombygging, før fjøsen kan nyttast til dyrehald. Etter at husdyrhaldet vart avvikla i 1970-åra, har bygningen vore brukt som lager.

Soverom: 6

Drift og rettigheter

Jakt og fiske
Arealet på garden er opplyst å vere del av eit felles jaktvald. Eigar opplyser at eitt fellingsløyve teoretisk kan knyttast til dette bruket. Taksten legg til grunn at eit løyve årleg kan leigast ut for kr 5000,- Ein ber ny eigar sette seg inn i jaktordninga på staden og korleis denne er organisert.

Andre verdiar/rettigheiter tilknytta eigedomen
Garden hadde i tidlegare tider støl på Resalandsstølen, som er opplyst å ligge på eigen grunn ca 700 m.o.h. Det er ikkje vegtilkomst og kun murane står igjen etter stølshus.

På eigedomen vart det i 2008 teke inn eit areal til potensielt framtidig hyttefelt. Det må gjerast eit monaleg arbeid med både planlegging (reguleringsplan) og opparbeiding av infrastruktur, før ein eventuelt kan selje hyttetomtar.

Odelsrettslig: ja
Opplæring: nei

Areal

Gårdsnummer / bruksnummer: 163/1

Beliggenhet

Garden Resaland ligg på Mollandsmarki i Luster Kommune. Tunet finn ein ca 560 m.o.h. og det kan vere snørike vintrar i området. Eigedomen har ei flott plassering i terrenget og framstår som ein fin og roleg buplass.

Ikkje langt frå eigedomen kan ein også ta turen på populære Molden som ligg 1 116 moh. Dette er ein fin tur som passar for heile familien og gir ein fantastisk fjordutsikt i alle retningar. Ein får også panoramautsikt over Jotunheimen, Jostedalen, Hafslo og Gaupne.

Det er 17 km til kommunesenteret Gaupne og 25 km til regionsenteret Sogndal. Begge stader med eit utvida tilbod av varer, tenester, jobbar og fritidsaktivitetar.
Området har variert natur med gode moglegheiter for utfart heile året.

På ca ein time kan du nå Jostedalsbreen, Jotunheimen eller berre ta deg ein roleg kajakktur på idylliske Lustrafjorden eller Hafslovatnet. Med berre 15 min. køyring frå regionssenteret Sogndal, er det kort veg til alle aktivitetane der. Ski-in frå Sogn Skisenter på Heggmyrane, som kan freiste med Norges lengste skitrekk frå 320 moh. til 900 moh., 10 km alpinbakkar, 13 km langrennsløyper og trygge barnebakkar. Gratis parkering. Frå skisenteret er det ca. 10 min køyretid til Lustrabadet.

Kontakt

Gårdens eier