Tilbake til oversikt
Vestland (tidl. Sogn og Fjordane), Høyanger

Stor flott gard i idylliske Ikjefjorden med store verdiar og inntektspotensiale. Jaktrettar. Bu og driveplikt.

Prisantydning salg

Prisantydning salg:

4 500 000 kr

Hus og bygninger

Våningshus (hovedhus)

Våningshuset er opplyst å vera oppført kring 1900. I 1962 vart det det gjort eit større arbeid med oppgradering og oppføring av ny 2. etg.
I 1985 vart det gjort ei innvendig ombygging og dels oppgradering.
Våningshuset har i dag teknisk standard frå dei ulike oppføringstidspunkta. Det er gjort noko utskifting av m.a vindauge slik at dei har varierande alder. Det er registrert noko roteskade på delar av vindauge, noko utskifting må såleis påreknast.
Det er også registrert noko mindre skade på taktekkinga, overgang veggtak er utført utan beslag, berre med skråbord. Det har tidlegare vore lekkasje ved piper, no er det montert pipehatt på dei. Det er ikkje tilfredsstillande lufting på ytterkledning, det er og registrert noko skade på kledninga, delar av kledninga er og skifta ut. Det er eldre teglpiper i huset, her vil ein tilrå utvida kontroll då ein har avdekka avvik i følgje vedlagt tilstandsrapport. Teknisk anlegg som el. anlegg og vatn/avlaup er eldre. Det må påreknast oppdradering/skifting i samband med anna arbeid.
Overflater inne er dels frå 60 åra og dels frå 80 åra. Det er registrert ein del retningsavvik på golvkonstruksjon.
Det er generelt trong for vedlikehald og utskiftingar både ute og inne.

Opplysningar om innvendige overflater er henta frå vedlagt tilstandsrapport for våningshuset:
Golv: Parkett, belegg og furugolv. Betong golv i kjellar.
Vegg: Tapet og måla plater
Himling: Måla himlingar

Driftsbygning

Fjøs, byggeår 1976
Kjellaretasjen vart tidlegare nytta til gjødsellager
og rotvekstkjellar/sauehus. 1. etasje inneheld husdyrrom med båsar og bingar til storfe, samt fòrsentral og mjølkerom. 2. etasje inneheld køyrebane, tilkomst til
to tårnsiloar av betong og tilkomst til lagerareal. Bygningen har vore brukt som lager etter at storfehaldet og mjølkeproduksjonen vart avslutta i 1995. I
husdyrrommet er det ein fuktskade i isolert himling som ikkje er utbedra. Ny eigar må pårekne utskifting av bordkledning og yttertak. Ut over dette kan truleg
bygningen nyttast til dyrehald med noko ombygging og tilpassing

Soverom: 7

Drift og rettigheter

Jakt og fiske:
Arealet på garden er opplyst å vere del av eit felles jaktvald. Eigar opplyser at 5 fellingsløyver teoretisk kan knyttast til dette bruket. Taksten legg til grunn at eit løyve årleg kan leigast ut for kr 5000,-.

Sameigeområde:
Etter jordskifte er garden tildelt 15,3 % eigardel i felles utmark. Delar av utmarka er frådelt i nye bruksnummer der gardsbruka har same eigarprosent. Dei nye
bruksnummera inneheld etablerte og framtidige hyttefelt. I tillegg styrer grunneigarlaget med utleige av småviltjakt, sal av fiskekort, vedlikehald av veg og
utleige av sauebeite til bøndene i Masfjorden (Hordaland). Oddvar Østerbø, styrar i grunneigarlaget, opplyser at laget for tida har ei kontantreserve på mellom 1 og 2 mill kr.
Grunneigarlaget har årleg ei inntekt på 235 000,- frå utleige av beite, småviltjakt og festeavgifter. Inntekter frå sal av hyttetomtar er rekna til å gå gje
eit overskot på ca. 800.000 pr. tomt etter fråtrekk for utbyggingskostnader og usikkerheit for dei 10 sist regulerte tomtene. Pr no er det 25 hyttetomtar som er regulerte, men ikkje selde.
I 2021 vart det utbetalt kr 32 800,- til bnr 4/11 som eigedomen sin andel av overskotet i grunneigarlaget. Bnr 4/11 sin andel av framtidige inntekter (festeavgift
og utleige av jakt og beite) vert kr 820 000,- I tillegg utgjer garden sin andel av kontantbehaldninga kr 153 000,-Det gjev ein samla noverdi av garden sin andel i
grunneigarlaget på kr 1 573 000,-

Seter:
Garden har ikkje støl då denne gjekk tapt i samband med kraftutbygginga. Stølsretten er framleis i behald.

Andre verdiar:
Eigedomen har 5 kW frikraft som årleg kompensasjon etter kraftutbygginga i grenda. Det utgjer 43 800 kWh frikraft kvart år. Heile rettigheiten vert seld til BKK
for marknadspris kvart år inkl. nettleige og avgifter. Inntektene vil variere med straumprisane. Taksten legg til grunn ei langsiktig, pårekneleg inntekt på kr 1,00,-
/kWh. Det vil årleg gje ei inntekt på kr 43 800,- Avtalen er tidsuavgrensa og det vert lagt opp til å nytte ei kapitaliseringsrente på 4 %. Summen av framtidige,
påreknelege inntekter vert soleis totalt kr 1 095 000,-

Garden fekk i 2021 utbetalt kr 33 000,- i fallrettsleige frå BKK etter kraftutbygging på Østerbø. Det vert opplyst at avtalen er tidsuavgrensa og vert indeksregulert
kvart 5. år. Taksten legg til grunn ei kapitaliseringsrente på 4 % og noverdien av framtidige inntekter vert soleis på kr 825 000,-

Odelsrettslig: nei
Opplæring: nei

Areal

Dekar fulldyrka areal: 66
Dekar beite: 4
Dekar skog: 1212
Dekar totalt: 1319
Gårdsnummer / bruksnummer: Gnr 108 bnr 4 og 11

Beliggenhet

Garden "Haugen" ligg i Ikjefjorden på sørsida av Sognefjorden, i Høyanger Kommune med fint utsyn over grenda. Det er 63 km til kommunesenteret Høyanger og 73 km til regionsenteret Førde. Begge stader med eit utvida tilbod av varer, tenester, jobbar og fritidsaktivitetar. Til Bergen er det 122 km. Frå eigedomen er det kort veg til tur- og friluftsområder.

Kontakt

Gårdens eier

Lillian Torbjør Østerbø Nes og Aud Oddrun Østerbø Hollenberg
Norneshaugane 30

Telefon privat: 95726247
Nettside: http://https://www.finn.no/realestate/homes/ad.html?finnkode=280215880
E-post: [email protected]

Megler

Jan Rune Årøy
Meklarhuset Sogn AS

Mobil: 95044240
E-post: [email protected]